Brann og ordenforstyrrelse – dette skjedde i natt

Natt til tysdag var ei forhaldsvis aktiv natt for politiet, natt til tysdag å vere. Først kolliderte to biler i Skjoldavegen/Fjellvegen i Djupadalen. Der slapp alle involverte unna utan personskade.

Seinare på kvelden meldte politiet om ein brann i ein einebolig. Det var opne flammar og alle kom seg ut i tryggleik. Inne blei det vatn- og pulverskader. Det var ein sofa som hadde tatt fyr, sannsynlegvis på grunn av eit velta stearinlys.

Ei stund seinere på kvelden kontrollerte politiet eit kjøretøy i Leirvik. Mannen i 50-årene som kjørte bilen fremsto ruspåverka, og blei tatt med til legevakten for blodprøver. Han måtte finne seg i å avslutte kvelden utan førarkort.

Til slutt måtte politiet i Haugesund rykke ut til ein ordensforstyrring på ein privat stad. Det var to menn i 30-40-årene som sparka i dører og bråkte. Dei høyrte ikkje på politiet då dei fekk beskjed om å gå frå staden, så dei enda i stadet kvelden i arresten, og får ein anmeldelse med seg derfrå på morgonkvisten.