Birgitte Tengs-saken: Etterforskningsleiar fortel om tidlege DNA-analyser: – I dag ville me kanskje valgt annleis

– Eg vil understreke at eg ikkje er nokon biolog, startar etterforskningsleiar Uppheim med, før han begynner å forklare korleis DNA-analysane foregjekk i tida etter drapa.

– Ein trengte gjerne sterke DNA-kjelder som blod, sæd og forsåvidt hår. Ein var avhengig av langt meir humant materiale. Og det forklarar kvifor ein valte å sikre dei prøvene ein valte den gongen. I dag ville ein kanskje valt annleis, forklarar han.

Han forklarar at hår ikkje blir samla i same grad no som det var den gangen, men at det var det ein kunne teste.

Uppheim seier dei har resultater frå analyser av 40-50 prøvar, men at det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange fordi dei ikkje var like aktive med å føre negative analysar inn. Han seier det blei funne hår og påvist flekkar av blod. I nokre av håra blei det funne DNA som ikkje passa overens med Birgitte sitt.

Deretter fortel Uppheim om gjennopptakelsen rundt år 2000, som skjedde mellom anna etter påtrykk frå fetteren sin advokat.

– Dei gjennomførte ikkje ei full, brei etterforskning, men dei fulgte nokre nye tips og spor, seier han.

Derimot foretok dei nye DNA-analysar under denne etterforskninga, men det blei ikkje funne nye resultat denne gangen.

– Tanken var at ein skulle få nye auge på saken, og dermed blei dei sendt til Insbruck i Østerrike i 2022. På dei fleste fekk dei ikkje noko utprega resultat fordi håra var blitt handtert for mykje, mange fekk dei ingen resultata i. 29 av 34 resultat var foreineleg med Birgitte, men andre kan ha same profil som ho. Det var fem resultater som var ulik Birgitte, forklarar Uppheim.

Uppheim fortel at det blei innhenta referanseprøvar av hår av ei mengde forskjellige folk, både folk som hadde vore med Tengs den kvelden, politifolk, og andre grupper som kan ha vore i kontakt. Omfanget er ikkje heilt, ideelt skulle ein ha testa alle, men det er ikkje alltid mogleg, seier han.

Kristensen og Uppheim diskuterer så ei lengre tid kvar dei forskjellige prøvane har blitt tatt.