Birgitte Tengs-saken: Etterforskningsleiar fortel om prosessen mot Fetteren

– Det er litt for alvorlig, prosessen mot fetteren, til at eg kan oppsummere det på ti minuttar, seier Uppheim. Han skal forklare litt om korleis prosessen mot fetteren foregjekk.

– Fetteren blei avhørt mange timar allereie i mai 95. Han blei bedt om å ta av seg på overkroppen, og dei tok skoavtrykket hans, seier Uppheim.

Uppheim seier det var fleire ting som gjorde han interessant, fordi han kjente Birgitte, han budde i området. Samtidig passa han ikkje til den hårprofilen hårsporet gav.

– Det blei ikkje gjort ein omfattande alibisjekk av fetteren, og han var ikkje ein av dei første 13 prioriterte, seier Uppheim.

I januar 97 blei fetteren avhørt som vitne, før han blei pågripen ein månad seinare.

Uppheim forklarar at det var noko motstridande mellom det fetteren sa om sine bevegelsar, og det andre sa.

– Desse avhøra av fetteren skal me nærmare inn på seinare i rettssaken, så eg skal ikkje gå inn på det, seier Uppheim.

– Etter at me fekk ansvaret for saken har me ikkje funne nokon grunn til å rette etterforskninga mot fetteren, seier Uppheim.

Så seier han at det var det han hadde å seie om fetteren.

Forsvarar Kristensen spør Uppheim om det var noko med drapshandlinga som gjorde at politiet trudde det var nokon med relasjon til Birgitte som hadde begått drapet. Uppheim hugsa ikkje kva dei argumenterte med.

Så seier dommar at det er på tide med ein pause. Først annonserar han 12 minutt pause, men nokon kallar han for ein kjiping, så han rettar det til 15 minuttar. Retten tar pause.