Birgitte Tengs-saken: Etterforskingsleiar snakkar om cold case-seksjonen

Uppheim skal no gå inn på korleis cold case-gruppa jobba.

– Etter anmodning frå Politiet i Sør-Vest blei gruppa mi, før eg blei tilsett, bedt om å gå fullstendig gjennom heile saken. Formålet var å sjå om det var potensiale om oppklaring av saken, seier han.

Han fortel at det blei anbefalt ei ny, brei etterforsking av saken. Grunnen til dette var at den opprinnelege etterofrskninga først var styrt av eit hårspor, før den vendte seg tydeleg mot fetteren.

Seksjonen gjorde òg ein vurdering av saken mot fetteren. Utover tilståinga var det ingenting som antyda at dei trengte å etterforske fetteren vidare.

Frå januar 2017 blei det satt i gang ei ny etterforsking hos politiet i sør-vest, basert i Stavanger. Det var eit samarbeid mellom politidistriktet og cold case-gruppa.

Etterforskinga starta med ei systematisk gjennomgang av alle dokumenta i saken, for å få eit klarare bilete av kartlegginga som var gjort.

– I dag har me analyseverktøy som er betre eigne til å sette saman informasjon, seier han.

– Mange av vitnene er avhørt både veker og månadar etter drapskvelden. Berre nokre dagar etter er seint når det er snakk om ting ein ikkje såg som mistenkeleg når det skjedde, seier han vidare.

– Det var ikkje mogleg å få 100 prosent kontroll over alle bevegelsar i og rundt Kopervik den dagen. Fleire blandar saman helger, enkelte er så vage at det er umogleg å vurdere om det er relevant.

Forsvarer spør om nokon har observasjonar av tiltalte. Uppheim fortel at ingen har navngitt at han var der, men at dei kjem tilbake til det seinare.

Etter gjennomgangen av dokumenta blei det gjort nye DNA-analyser ved Oslo Universitetssykehus, med nyere, meir moderne verkemiddel. Deretter forklarar han litt om kva desse nye metodane går ut på, og litt om kva resultater dei fant med dei.

Retten tar lunsjpause i 45 minuttar.