Birgitte Tengs-rettssaken: – Vitner er sårbare

Uppheim fortel at det har vore gjennomfort avhør av godt over 2000 personar i Tengs-saken.

– Vitner er sårbare for glemsel, påverknad og frå medieomtale. Me ser at ein del av tipsa er påverka av medieomtale; når mediene omtaler i raud boble kom det plutseleg inn fleire tips om det, seier han.

Vidare seier Uppheim at å etterforske elektroniske spor var mykje vanskelegare i 1995 enn det er i dag.

– Minibank var det einaste ein hadde av elektroniske spor i 1995. Dette var ei heilt anna tid når det gjeld digital sporbarhet, fortel han.

Han forklarar at det blei henta inn kasserullar frå bensinstasjonar på Karmøy, men at alle desse ikkje har blitt funne igjen i ettertid, og at kontantbetaling var det vanlege den gongen.

Også dateringar kan vere problematiske; dei har tre opptak frå videoovervåking, men eit opptak frå ein Esso-stasjon mistenkar dei kan ha feil dato.

– Opptaka er av dårleg kvalitet. Me kan såvidt skimte bilar som passerar stasjonane, og me kan ikkje se registreringsnumre, seier han.

Total 29 personar har blitt avhørt fordi dei gjorde uttak frå minibankar den aktuelle kvelden. Politiet har ikkje tilgang på transaksjonsutskrifter frå minibankane, og den informasjonen dei har fått fra basestasjonar er ikkje så veldig nyttig fordi det er vanskeleg å gjenskape dekningsområda til stasjonane. Natt til 6. mai 1995 er det berre to samtalar som har gått via basestasjonen i Kopervik.

– Politiet har innhenta den informasjonen dei kunne på den tida, men det er begrensa kva det kan brukast til, forklarar Uppheim.

Videre seier Uppheim at vitner ikkje tidfestar kvar dei var og kva tid dei var der basert på elektroniske spor, men på hukommelse. Det er annleis frå etterforskning som foregår i dag, seier han.

Tiltalte i saken har sagt til politiet at han ikkje hadde mobiltelefon då drapet skjedde, medan politiet ikkje veit om dette stemmer eller ikkje. Han skal ha tatt ut 2000 kroner i ein minibank i Haugesund. I Kopervik er det berre registrert at han har tatt ut pengar i ein minibank i Kopervik i juni i heile perioden rundt drapet.

Uppheim går deretter over til å snakke om synet folk har på etterforskninga som blei gjort den gangen.

– Mykje har blitt sagt om etterforskninga, men berre så det er sagt; det er blitt fremstilt som at den første etterforskninga var dårleg, men det blei gjort ein betydeleg innsats. Innfallsvinkelen var relevant, sånn me ser det i dag, seier han.

Han forklarar at målet var å kartlegge alle som hadde bevega seg i Kopervik den kvelden og natta både til forts og til hjuls. Det sentrale spørsmålet var korleis Birgitte Tengs kom seg frå sentrum og opp til åstedet, og det var det dei prøvde å besvare. Det ble antatt at ho ikkje hadde gått opp, fordi ingen hadde sett ho.

– Forskjellige ting blei kartlagt; løslatingar frå fengsel, pirattaxiar, gjestearbeidarar på Karmøy, asylmottaket, tilreisande til konformasjonar, bilar som plukka opp haikarar, seier Uppheim.

Deretter fortel Uppheim om forskjellige måter å undersøke hår på som blei gjort. Nokre hår blei undersøkt, og det blei konkludert med at det ikkje var Birgitte Tengs sitt. I ettertid viste det seg at det godt kunne vere hennar eige hår.

I 1996 tok politiet tak i saken på nytt, og begynte å sjå vekk frå hårtype og hårfarge.

– Det blei plukka ut 13 prioriterte kandidatar fordi dei hadde kjørt åleine i bil. Tiltalte var ein av desse som det blei gjort undersøkingar av. Men så dreia etterforskninga mot fetteren, seier Uppheim.

Her tar Stian Kristensen, tiltalte sin forsvarar, ordet, og fortel at veldig mange blei sjekka ut av saken basert på at det først var eit hårbevis som dei seinare la vekk, og at det gjeld ganske mange folk som ikkje blei fulgt opp.

– Eg ville berre få fram at ein del folk blei sjekka ut av saken basert på hårbeviset, seier Kristensen.

Uppheim forklarar at ting blir kryssjekka, men at det kanskje var mindre grundig på grunn av dette hårbeviset.

Uppheim fortel at dei vurderte at håret var frå gjerningsmannen, og at det derfor blei mykje fokus på det i etterforskninga.

– Oppfølginga av enkeltpersonar blei påverka av dette hårsporet. Men mykje av kartleggingsarbeidet politiet gjorde foregjekk uavhengig av dette, seier Uppheim.