Lena Vågshaug Dale
Kva betyr påsken for deg?
Påsken betyr fri frå jobb, og å vere med familien.
Kva er ditt beste påskeminne?
Å dra på bobiltur til fjellet saman med familien, stå på slalom, og grille ute.
Kva er ditt verste påskeminne?
Då me kom til fjellet til 20 minusgrader, og me ikkje hadde med varme nok klede.
Kva planer har du denne påska?
Eg skal vere heime og slappe av. Sy og hekle, og besøke familie.
Har du nokre påsketradisjonar?
Eg pyntar med litt påskepynt.
Susanne Tveit Solberg
Kva er påske for deg?
Påske for meg er å dra på fjellet og sjå på TV på hytte. Det er fjelltur, påskeegg og minnet om Jesus som blei korsfesta.
Kva er ditt beste påskeminne?
Påskeegg. Og å sjå på TV, og dra på besøk til søskenbarn som har hytte nesten rett ved oss.
Kva er ditt verste påskeminne?
Mitt verste påskeminne må vere då eg kræsja med eit tre då eg stod på langrennski.
Kva planar har du denne påska?
Denne påsken skal eg spise masse snop og gå på langrenn. Og drikke brus.
Har du nokre påsketradisjonar?
Påsketradisjonen min må være langrenn på Seljestad.