Hanne Margrete Stava
Kva betyr påsken for deg?
Påsken for meg er ei kristen høgtid som eg brukar på å slappe av, sjå på påskekrim, løyse kryssord, ete kvikklunsj, vere med venner og familie, og gå tur.
Kva er ditt beste påskeminne?
Mitt beste påskeminne er frå i fjor då eg fekk besøk av svigermor og svoger for første gang. Kjempekjekke folk!
Kva er ditt verste påskeminne?
Påsken då me ikkje fekk påskeegg fordi eg og broren min hadde ete opp alt snopet på førehand.
Kva planer har du denne påsken?
Me skal til Mariestad i Sverige for å hilse på familien til mannen min.
Har du nokre påsketradisjonar?
Eg plar følge med på påskenøtter og påskekrim.
Katrine Skeisvoll
Kva betyr påsken for deg?
Å tilbringe tid med venner og familie.
Kva er ditt beste påskeminne?
Alle dei gode kakene som mormor har baka.
Kva er ditt verste påskeminne?
At eg var allergisk mot «gåsunger» som mormor hadde tatt inn.
Kva planer har du denne påsken?
Eg og systera mi skal på besøk til mamma.
Har du nokre påsketradisjonar?
Eg likar å pynte til påske med fine påskekyllinger.
Jan Olav Sørlie
Kva betyr påsken for deg?
Ei flott familiehøgtid med ein viktig bodskap.
Kva er ditt beste påskeminne?
Påske på garden til «bestemor på Holten», då eg fekk vere med onkel Sigmund (barndomshelten min) å ta i mot lam.
Kva er ditt verste påskeminne?
Da det blei sprekk i det flotte påskeegget mitt, som eg fekk av bestemor.
Kva planer har du denne påsken?
Reise til hytta på Rauland med heile familien. Stå på ski og grille på bålpanna.
Har du nokre påsketradisjoner?
Me arrangerer Sørlielekene med tullete aktivitetar i snøen. Vinnarlaget eig premiehjelmen i eit heilt år.