Flytta inn i nytt bygg for tre år sidan – fredag feira dei endeleg

Fredag ettermiddag blei det både omvisning, taler og lunsj på dei fremmøtte, som skulle feire det relativt nye bygget på Ølen Videregåande skule.

– Det er veldig fint å endeleg kunne feire, no har eg hatt desse papira på bordet mitt i tre år, så det er veldig godt å kunne gjere noko med det, ler rektor Ruth Janett Sæle.

Elevane flytta inn i det nye bygget på hausten 2020, og feiringa har dei planlagt to gonger tidlegare. Men ein pandemi som ikkje ville sleppe taket gjorde at dei måtte vente med feiringa. Elevane har derimot fått bruke bygget dei siste åra.

– Dei er veldig nøgde. Først og fremst er det greitt for dei å ikkje trenge å ta bussen ein anna stad for å ha undervisninga si kvar morgon; no har me det faglege og sosiale miljøet samla på ein plass, og det er veldig viktig, seier ho.

Meir moderne

Men det er ikkje lokasjonen i seg sjølv som er det viktigaste, i følgje fagansvarleg Olav Hogne Espe.

– No er både bygg og maskinar moderne, og dermed kjem elevane ut i arbeid til dei same maskinane som dei har brukt her. Det er ikkje bra om dei berre har brukt utdaterte maskinar på skulen, og kjem ut til ein heilt anna verd i jobb. No er me up to date, forklarar han.

Han fortel at dei sjølvsagt alltid hadde klart å finne fleire og nyare ting til avdelinga, men at dei er veldig nøgde med det dei har fått. Det er òg rektor Sæle.

– Samtidig som dei to avdelingane flytta inn i sitt nye bygg, blei det òg betre plass inne i det gamle bygget for dei som er der. Så i praksis har òg elektrolinja, for eksempel, fått nye lokaler, men inne i det gamle bygget, seier ho.

Elevene lager realistiske filmer om livet på videregående

1000 videregående-elever var på plass på høyskolen: – Koster mye å velge feil

Ønska elevane velkommen til nytt bygg: – Me er kjempegira