VELKOMMEN: Marit Espeland ønskjer alle velkomen til smerteseminar på Maritim hotell den 18. mars.
VELKOMMEN: Marit Espeland ønskjer alle velkomen til smerteseminar på Maritim hotell den 18. mars. FOTO: Privat

Marit inviterer til smerteseminar: – Det betyr ganske mykje når folk respekterer og forstår kva ein snakkar om

Då ho var på smerteseminar på austlandet, innsåg Marit Espeland at det var eit tilbod ein kunne hatt nytte av på vestlandet òg. I mars blir det endeleg ein realitet.

Espeland er leiar for FKS, eller «Forening for kroniske smertepasienter». Ho fortel at ho håpar at mange nyttar seg av dette nye tilbodet.

– Det var lettare for dei på austlandet å kome seg til smerteseminaret dei hadde der borte, men me har 300 medlemmer her i regionen. Dette må me få til i Haugesund, tenkte eg. Så modnast ideen ei stund, før me no tilbyr det me håper blir nyttig for den enkelte. Spennande forelesningar om ting som angår dei, og den sosiale biten i tillegg, forklarar ho. 

Espeland fortel at medlemmene i foreininga har forskjellige diagnosar og grunnar bak smertene, og at dei ønskjer å gjere liva deira lettare uavhengig av kva som er grunnen.

– Det kan vere ryggsmerter, migrene, fibromyalgi… Mange ting. Vår forening samlar mange forskjellige, spesielle diagnosegruppe og andre som ikkje passar inn, og så kan dei møtast hos oss og få hjelp. Me tilbyr forskjellige aktivitetar for medlemmene som skal hjelpe å minke smerta dei lev med.

– Me jobbar for at desse som har behov for det, skal få ein betre kvardag, og få hjelp til å takle situasjonen på best mogleg måte. Kanskje får dei litt betre livskvalitet. Mange av aktivitetane blir heilt fulle, og då får me telefonar frå dei som ikkje har fått plass at dei skulle ønskje det var enda meir, fordi det gjer dagane deira så mykje betre. Men det er begrensa kva me kan få til, seier ho. 

– Smertene er som om du amputerer din egen fot uten bedøvelse

Meir bevisstheit

Ho fortel at deler av grunnen til at dei ønskjer å få til eit sånn seminar er at dei ser eit behov for å spreie kunnskap om ei pasientgruppe som går med kroniske smerter, men som det ikkje er synleg at er sjuke.

– Du blir ganske tappa for krefter og mistar overskot til å takle kvardagen om du går rundt og er i smerte heile tida. Og så er det ikkje alltid så enkelt å få hjelp heller. Me ønskjer at det skal kome litt opp i bevisstheita til folk, denne smerta veldig mange lev med kvar dag.

– Det betyr ganske mykje når folk respekterer og forstår kva ein snakkar om. Ein del endar opp med å bli uføretrygda fordi dei ikkje klarar å gå i jobb med smerta, og det er nok litt skambelagt framleis. Men ein ser heldigvis ei betring der, at folk begynner å forstå at det kan vere grunnar for ting som me ikkje kan sjå. Det er meir aksept no enn det var før. Ein respekterer andres liv meir, meiner Espeland. 

Både Berit og Dagfinn fikk uhelbredelig kreft. Nå vil de gi sønnen sin en drømmeopplevelse

Ønskjer fleire

At mange av gjestene er medlemmer av foreininga, som slit med smerter, har Espeland hatt med i berekninga då ho har planlagd arrangementet.

– Det kan bli lenge å sitte heilt i ro, så hotellet skal sette inn ekstra benkar så folk kan leggje seg nedpå, eller kvile litt, utan at ein treng å gå heim. Me har hyppige pausar, men det kan vere tungt å sitte på ein sånn spisebordstol lenge, forklarar ho.

FRIVILLIGHEIT: Foreninga Marit Espeland er basert på frivilligheit. Her markerer dei frivilligheita i Haraldsgata. Espedal er nummer to frå venstre. Tor Andre Johannessen står til venstre for ho, og Wenche Osa og Gunn Åserød til høyre.

Espeland fortel at det så langt ser ut til å bli rundt 50 deltakarar på seminaret, men at dei håper på fleire. Og om det går bra kan det fort bli nye arrangement.

– Ein må jo bygge det opp, og det kan godt vere me arrangerer igjen om folk er nøgde. Forhåpentlegvis klarar me å ha eit godt arrangement no, som er kjekt for medlemmene våre. Når det er sagt er arrangementet ope for alle, så alle som er interesserte i å høyre meir kan kome. Så får medlemmene våre ein litt betre pris.

– Me håper det vil vere minst 100 gjester til slutt. Eg ønskjer hvertfall alle velkommen, avsluttar ho. 

Tone er fortsatt syk, snart ett år etter koronasmitten. – Det er litt frustrasjon hjemme, kan du si

For syv år siden havnet Evy-Renate i en ulykke som snudde opp-ned på livet hennes

Nå kan Hilde få et litt bedre liv. En stund til