Dette er et leserinnlegg. Ytringer og meninger står for forfatterens regning. |
Vi er naboer til Bremnes Seashore sitt anlegg på Trovåg. Det er flott med arbeidsplasser og aktivitet!
Bremnes er no i gong med å utvide anlegget sitt på Trovåg. Då kommunen vedtok reguleringsplanen for dei nye oppdrettshallane, stilte kommunen krav om at krysset mellom Trovågvegen og Vikevegen skulle utbetrast før Bremnes bygde nye haller. Grunngjevinga var at det ville auke tryggleiken på grunn av køyring med mange store bilar. No har Bremnes søkt om å om å få vente med å utbetre krysset. Samstundes vil dei køyre opp mot 3 000 turar med semitrailer for å flytte på masser frå tomta!
Kommunen sendte forslaget frå Bremnes på høyring: Statsforvaltaren, Vegvesenet og Fylkeskommunen var negative til at Bremnes skulle få utsetjing. Dei meinte at Bremnes fekk utbetre krysset før dei køyrde tusenvis av turar med semitrailer. Likevel sa Vindafjord kommune ja til Bremnes.
Er mjuke trafikantar mindre verdt for kommunen, enn at Bremnes sparar nokre kroner?
Elisabet og Alfred Trovåg, med tre heimebuande born i skulealder