KARMØY: TV Haugaland fekk Haugesund Journalistlag sin hovudpris under Vinterkonferansen på Park Inn på Karmøy.
Prosjektet «Inn i mitt hode» gjorde sterkast inntrykk på juryen då Haugesund Journalistlag delte ut prisane for dei beste sakene i 2022 laurdag kveld. Dette skjedde under den årlege vinterkonferansen på Avaldsnes.
Journalistane Karen Sofie Hesseberg og Jarl Vidar Meling har saman med produsent Dag Olav Husås laga ein serie dei har kalla «Inn i mitt hode», og bakgrunnen for dette prosjektet var tanken om at det trengst meir journalistikk rundt sjølvmord. Ein kan alle einast om at sjølvmord er eit stort samfunnsproblem, likevel klarar ein ofte ikkje å snakka om det, eller skriva om det på ein måte som gjer at dei som eigentleg ikkje ønskjer å døy, orkar å leva vidare.
Det har fram til dei siste åra vore lite journalistikk på dette området, og den reelle frykta for smitteeffekt har halde journalistar igjen. TV Haugaland ønskte å lage ein serie om psykisk helse, som kan vera sjølvmordsførebyggjande. Dei ønskte å møta menneske som har prøvd, eller planlagt å ta livet sitt, for å la dei fortelja kva det var som gjorde at dei heldt ut. Kva som gjorde at dei venta, og kva som til slutt hjelpte dei.
Serien gjorde stort inntrykk på jurydommarane, Gerd Margrethe Tjeldflåt, tidlegare Grenda-journalist, nå tilsett i Bergens Tidende, og Svein Erik Giskegjerde frå TV2, som krona TV Haugaland som vinnarar av Haugesund journalistlag sin hovudpris på 15.000 kroner.
I tillegg til hovudprisen deler Haugesund journalistlag også utprisar i kategoriane; beste enkeltartikkel/program, beste foto og årets prosjekt.
I kategorien beste enkeltartikkel/program var det Ingvild Siglen Berger frå Sunnhordland som fekk pris. Artikkelen var magasinreportasjen «Eg er Tone», som handlar om Tone som er fødd som mann. Journalisten ønskte å gi folk ei betre forståing av kva det inneber å vera fødd i feil kropp.
Marthe Synnøve Johannessen frå NRK Rogaland fekk prisen for beste prosjekt, med serien om Sverre Solli på 96 år som ikkje fekk sjukeheimsplass, trass i at kona hans hadde det. Saka starta som ei «rett fram-sak» om ekteparet som ikkje fekk bu i lag, men så dukka Karmøy kommune opp på døra til 96-åringen og skremte han til taushet fordi han hadde snakka med ein journalist. Eit grelt eksempel på maktmisbruk mot menneske i ei aldersgruppe som representerer dei svakaste i samfunnet.
Prisen for beste foto var det Elisabeth Berg Hass frå Kvinnheringen som fekk.
Ho hadde følgt Jan Tore Johnsen og Ståle Mehl på jobbar sin frivillige på ferja. Dei to jobbar til dagleg i tilrettelagt bedrift, men er også ferjefrelste til tusen og stiller med glede opp på dugnad som ferjekø-vakter i høgsesongen. Då Kvinnheringen var med på jobb blei dei heidra, og ansiktsuttrykka deira seier meir enn tusen ord, då kapteinen overraska dei med både kake og ros.
Her er juryen sine grunngjevingar til alle dei fire prisane som blei utdelte fredag kveld:

Ingvild Siglen Berger i Sunnhordland vann beste enkeltartikkel eller program FOTO: Tor Nilssen
Beste enkeltartikkel eller program:
“Eg er Tone”
Magasinreportasje av Ingvild Siglen Berger (Sunnhordland)
Årets vinnar er eit solid stykke journalistisk handverk, der ein kjem tett innpå ein person med ei svært interessant historie. Journalisten fortel historia så godt at ein føler verkeleg ein kjenner hovudpersonen etter å ha lese reportasjen. Det heile er også presentert på ein engasjerande måte, med god balanse av tekst, faktabokser, fotografen sine flotte bilete og innslag frå sosiale medier. Dermed blir det aldri keisamt for lesaren.
Journalisten belyser temaet kjønnsinkongruens og kjønnsdysfori på ein informativ og respektfull måte. Ho gir caset moglegheita til å fortelje om alle sidene ved dette å skifte kjønn, om refleksjonar og argument for og mot og om reaksjonane frå familie og vener. Det er ei viktig historie Tone Vik fortel om livet sitt. Om korleis ho i fleire tiår har kjent på at noko ikkje stemte, der hjerne og kropp ikkje har vore synkroniserte. Reportasjen kan opplyse dei som veit lite om temaet, og som Tone Vik påpeikar sjølv, hjelpe dei som slit.
Juryen gratulerer Ingvild Siglen Berger frå avisa Sunnhordland med prisen for beste enkeltartikkel.
Beste prosjekt:
Sakane om Sverre Solli
Ein serie artiklar av Marthe Synnøve Johannessen (NRK Rogaland)
Vinnaren av beste prosjekt har gjennom ein solid jobb klart å stille opp for den vesle mannen som heldt på å bli lurt av systemet. Ei kjerneoppgåve for journalistikken.
I 2020 vedtok Stortinget ein sambuargaranti for å sikre at eldre pleietrengande skal få halde fram å bu i lag. Men journalisten bak årets prosjekt har avslørt korleis dette ikkje blir fulgt opp ute i kommunen.
Journalisten møtte motbør då kommunetilsette troppa opp heime hos intervjuobjektet for å få han til å trekke tilbake oppheving av tausheitsplikta. I staden for å la seg skremme, har journalisten brukt hendinga til å styrke si sak. Nok ein gong braut kommunen lova, i forsøk på å ta frå eit gammalt menneske sine rettar.
Journalisten har hengt på, og følgde saka heilt til Sverre på 96 år fekk medhald hos statsforvaltaren og kunne flytte inn til kona si. Det er gledeleg å sjå at god journalistikk får konsekvensar.
Juryen gratulerer Marthe Synnøve Johannessen frå NRK Rogaland med prisen for beste prosjekt.

Elisabeth Berg Hass vann fotoprisen FOTO: Tor Nilssen
Beste foto:
“Jan Tore og Ståle er gode hjelparar på ferja”
Elisabeth Berg Hass (Kvinneheringen)
Mengden av pressebilder dette året viser viktigheten av samspillet med journalisten i historien fra fotografens side. Vinnerbildet viser at journalistens artikkel og det visuelle samarbeider om å løfte denne gladsaken på en fin og verdig måte. Dette er spesielt krevende i en tid der en person gjør alt pressehåndverket, og at utstyret i enda større grad blir mobiltelefonen. Det må nevnes og er på sin plass med hederlig omtale til både Maifest i Koparvik og Badestrand i fjellet.
Vi har som jury enstemmig løftet frem det beste pressebildet som synliggjør fotojournalistens unike plassering med en journalistisk teft til å være på rett plass til rett tid i kampen om det unike øyeblikket. Bildet gir artikkelen en verdighet, fremmer genuin glede og fanger øyeblikket.
Juryen gratulerer Elisabeth Berg Hass i jobb for Kvinnheringen med prisen for årets beste foto.
Hovudprisen:
“Inni mitt hode”
Dokumentarserie frå TV Haugaland
v/Karen Hesseberg, Jarl Vidar Meling og Dag Olav Husås
Mange tema er underdekte i norsk journalistikk, men ei av dei største unnlatelsessyndene er det bekmørke temaet sjølvmord. Historiane til dei som vel å ta livet av seg, og til dei som blir igjen, er ofte ikkje blitt fortalt. I redsel for å gjere vondt verre, har journalistar i alle år vegra seg og styrt unna temaet.
Det har ikkje vinnarane av årets hovudpris. Gjennom grundig og langvarig arbeid har dei fått eit imponerande tal menneske til å dele sine historier, og fortelje kva det er som gjer at dei framleis er i live. Det heile er gjort respektfullt og nøkternt. Men serien har også sjeldent interessante og konkrete ekspertintervju, som etterlét sjåaren klokare og betre rusta til å sjå menneska rundt seg.
Journalistane har teke ansvaret ved å dykke ned i denne mørke materien på stort alvor. Dei har tenkt grundig gjennom alle sider av presentasjonen, noko sluttproduktet ber preg av. Resultatet er ein tankevekkande, lærerik og håpefull dokumentarserie.
Juryen gratulerer TV Haugaland ved Karen Hesseberg, Jarl Vidar Meling og Dag Olav Husås med årets hovudpris.
Presisering frå leiar i Haugesund Journalistlag, Grethe Hopland Ravn:
Årets jury bestod av tre personar: Svein Erik Giskegjerde, Gerd Margrethe Tjeldflåt og Tor Nilssen, fotograf under namnet Signator. Sistnemnde er også gift med Karen Sofie Hesseberg, redaktør i TV Haugaland, og det skal presiserast at Tor Nilssen har trekt seg heilt ut av juryarbeidet der bidrag frå TV Haugaland har vore vurderte. Giskegjerde og Tjeldflåthar utan nokon som helst form for dialog med Nilssen kome fram til vinnaren av hovudprisen