– For nokre veker sidan fann me eit avskjedsbrev ho hadde skrive til heile familien. Då orka ho ikkje meir, seier faren.
Dottera er i tenåra. For nokre år sidan blei ho utsett for overgrep, og då gjekk det frå vanskeleg til umogleg for heile familien.
– Før klarte ho seg greitt på skulen, trass i ulike vanskeligheiter. Ho har nokre diagnoser som gjer det vanskeleg i utgangspunktet. Men etterpå… Då begynte ho å ty til alkohol og narkotiske stoffer. Ville prøve å gøyme seg bak det, så ho ikkje trengte å tenke så mykje på det som har skjedd. I den siste tida har det blitt meir rus. Tyngre stoffer, fortel faren.
Derfor anonymiserer vi:
Pressa skal som hovudregel identifisere kjelder, og kjelder bør som hovudregel ikkje få framsette negative personkarakteristikkar anonymt. Dette kjem fram i Vær Varsom-plakaten, som dei fleste seriøse medier jobbar etter. I denne saken velger me likevel å la faren fortelje historien sin anonymt. Grunnen til dette er at dottera hans har rett til privatliv, og hensynet til hennar personvern er viktig. Vi anonymiserer kjelden i denne artikkelen for at hans dotter ikkje skal kunne identifiserast. |
Sendt heim
Etter at dei fann avskjedsbrevet og skjønte kor vanskeleg dottera hadde det for tida, tok dei ho med til legevakten. Dessverre var det ikkje mykje dei kunne gjere for å hjelpe i den fortvilte situasjonen.

Bildet er redigert for å fjerne gjenkjennbare detaljer.
– Det er det same kvar gang. Me kjem opp til legevakt, til sjukehus, eller til barne- og ungdomspsykiatrisk, og så sitt me der halve natta. Så får ho kanskje ei beroligande pille, før me blir sendt heim igjen utan vidare oppfølging, sukkar han.
No er faren redd for kva som kan kome til å skje. Dei sitt med hjarta i halsen kvar gong ho går ut.
– Me veit ikkje kva tid beskjeden skal kome om at ho ikkje kjem heim igjen. Me må dobbelsjekke med vennene hennar at ho faktisk skal til dei, så me kan senke skuldrane. Me er så slitne.
Dette sier Kenneth Eikeset i Klinikk for psykisk helsevern og rus:
– Vi kan ikkje uttale oss i enkeltsaker. – Ved henvendelse frå legevakt om innleggelse, tar vi imot alle pasientar til vurdering. Saman med pasient og pårørande vert det då gjort ein konkret vurdering om det beste er innleggelse eller vidare poliklinisk oppfølging. Vurdering av fare for sjølvmord inngår i denne vurderinga – Pasientar som blir fulgt opp poliklinisk får dei ein fast behandler som følgjer dei gjennom heile behandlingsforløpet. Skifte av behandler blir gjennomført der pasient eller pårørande ber om det, eller når behandler seier opp arbeidsforholdet eller blir langvarig sjukmeldt. |
Bedt om hjelp
Fleire gonger har begge foreldrene bedt barnevernet om hjelp. Dei ønsker avlastning, men får beskjed om at det treng dei ikkje, fortel faren.
– Dei seier me er så ressurssterke, og at me har stått i det sidan ho gjekk i barnehagen. Dei har sett at me har klart oss så langt, og at me har eit stort nettverk rundt oss. Men me vil ikkje sende ho rundt til familie, når me veit kva problem ho har. Me syns ho burde fått dra ein annan stad i ein kortare eller lengre periode. Då hadde me fått ein pause, og ho hadde fått ein miljøforandring.
– Det einaste tilbodet me har fått, er at ein av oss foreldre kan låne ein leiligheit, som barnevernet disponerer, i ei veke for å hente oss inn igjen. Det har me måtte benytte oss av to ganger. Ellers får me veileiing for korleis me kan gjere ting lettare for ho, men det er berre ikkje nok, seier han.
Han fortel at det er utruleg vanskeleg å måtte be barnevernet ta hand om dottera i ein periode, men at dei ikkje har meir å gi.
– Du kjenner deg liten når du ber om det, som ein dårleg forelder. Det er vanskeleg å sette ord på korleis det kjennest, men du er så tappa for energi og idear på kva meir godt me kan gjere for ho, forklarar han.
Dette sier barnevernssjef i Karmøy kommune, Arne Fagerland:
– Det er trist å høyre at det er forventningar til oss som me ikkje kan innfri, og me forstår at foreldre kan stå i krevande situasjoner i ein tøff kvardag. Dessverre kan me ikkje kommentere enkeltsaker ut i frå begrensningar gitt av taushetsplikt. – Me kan allikevel prøve å seie noko på generelt grunnlag. Det er sånn at barnevernet har veldig høg terskel for å ta barn ut av hjemmet. Det følger også av barneretten at det skal svært mykje til for å flytte eit barn ut av eiget hjem. – Det vil alltid vere ein heilhetsvurdering om vilkåra for flytting er oppfylt etter loven. Det er ikkje avgjerande kor ressurssterke foreldra er. Om foreldre har behov for avlastning/oppfølging for å ivareta omsorgen for eiget barn, kan det også vere andre instanser enn barnevernet som skal involverast. – Så vil eg igjen understreke at me i barnevernet har stor forståelse for at det kan vere krevende som forelder å ha barn med omfattende hjelpebehov, men det betyr ikkej nødvendigvis at det er en barnevernssak. – I dei sakene som barnevernstjenesten blir involvert i, så jobbes det alltid etter det mildeste inngreps prinsipp. Det betyr at alle andre hjelpetiltak skal vere prøvd ut før me går inn og vurderer om det kan vere aktuelt med flytting ut av hjemmet. |
Mykje utskifting
Jamnleg har dottera gått til barne- og ungdomspsykiatrisk for samtaler, men ho brukar lang tid på å bygge kjemi og tillit med behandlaren. Og så er det slutt.
– Ho treng lang tid på å opne seg, men med ein gong ho har blitt fortruleg med ein person, så sluttar dei eller får seg ein anna stilling. Ho må plutseleg begynne på nytt igjen. Ho har vore positiv til BUP, men no seier ho at ho ikkje vil gå der meir, for ho blir ikkje tatt alvorleg, blir berre sendt frå person til person.
Faren synest det er vanskeleg å skulle finne noko positivt i kvardagen for tida. Spesielt dei siste vekene har det vore ekstra tungt, og problemene har eskalert.
– No er det så mykje som skjer rundt oss, det er møter annakvar dag omtrent, og ein får ikkje landa. Eg ser ikkje så mykje positivitet, akkurat no, det gjer eg ikkje. Det er slitsamt for oss, òg. Det går så mykje inn på psyken at ein får ein knekk sjølv. Når hun går ut, veit du aldri om ho kjem heim igjen, seier han.