STENGD: Om lag ei veke etter at det var brann i leilegheitane er dei avstengd av politiet. Fleire av leilegheitane er ubebuelege.
STENGD: Om lag ei veke etter at det var brann i leilegheitane er dei avstengd av politiet. Fleire av leilegheitane er ubebuelege. FOTO: Thomas Klakegg

Mora til branntiltalte: – Eg har prøvd alt for å finne hjelp til han

I midten av desember tente ein mann i 20-årene på leilegheita sin, og er blitt siktet for framkalling av fare for allmenheita. No fortel mora hans at ho desperat prøvde å få hjelp til han tidlegare på dagen.

– Eg ringde 113 og dei sa dette var ein sak for legevakta. Dei skulle ta kontakt med legevakta. Eg ba om tilbakemelding etter kvart på kva dei fann ut, men der fekk eg aldri nokon tilbakemelding. Dette var klokka ti på morgonen. Då eg besøkte han den kvelden var det ikkje vanskeleg å sjå at han var ute av seg, men eg ringde ikkje igjen. Dei kom ikkje til å tru på meg uansett, tenkte eg. Det angrar eg på no, fortel ho.

Ho møter TV Haugaland i underkant av ei veke etter brannen som gjorde at sonen og 8 andre menneske blei huslause. I mange år har ho prøvd å få hjelp til sonen, forklarar ho. Sonen har òg vore meir enn villig til å få hjelp. Men som Sisyfus blir det for mora som å rulle ein stein opp ein bakke berre for å sjå den rulle ned igjen. Om og om igjen. I all evigheit. Me møter ei mor som har spelt sine siste kort, og framleis må halde fram å kjempe.

– Det er ingenting meir eg kan gjere no. Me har prøvd helsevesenet, me har prøvd avrusing, me har prøvd alt, men han blir berre kasta frå plass til plass, og ingen meiner det er deira ansvar, dei berre delegerer det vidare til nokon andre. Eg har køyrd han til sjukehus og lege så mange gonger, og når eg ringer 113 spør dei berre kvifor eg ikkje kan køyre han sjølv, sukker ho.

– Kvar gong eg ringer dei, og dei ber meg om å køyre han, lurar eg på om dei vil utsetta meg for ein person som ikkje er frisk? Dei vil utsette ein pårørande for fare, og at eg skal gjere jobben deira?

Eg burde ha ringt inn, men eg har blitt ignorert så mange gonger at eg tenkte det ikkje ville nytta.

Lang historie med vanskar

Ho er uendeleg glad i sonen sin, mora som no sitt og forklarar korleis ho har hatt det den siste tida. Det einaste ho vil er at han skal få hjelp. Ho fortel at han har hatt problem med rus i mange år. Og på vegen har det kome psykosar og paranoia. Før sonen tente på leilegheita hadde ho i tre dagar sett at han begynte å bli sjuk, og han blei sjukare for kvar dag som gjekk. Han hadde ikkje sove på tre døgn då han gjorde dette. Då ho besøkte han den same kvelden såg ho at ting hadde eskalert, at han var blitt enda sjukare enn tidlegare på dagen. Men ho hadde gitt opp å få hjelp av helsevesenet. Det kunne ha blitt skjebnesvangert.

– Eg burde ha ringt inn, men eg har blitt ignorert så mange gonger at eg tenkte det ikkje ville nytta, seier ho, tydeleg prega.

Berre timar seinare stod leilegheita i flammar. Åtte naboar måtte evakuerast, og sonen blei pågripe av politiet. Mora seier det berre er flaks at det berre var leilegheiter som gjekk tapt.

– Ni menneske kunne ha døyd den natta. Ni liv. Heile den situasjonen kunne vore unngått om helsevesenet hadde tatt meg på alvor tidlegare på dagen. Eg varsla dei, eg ville ha han innlagt fordi han var i ei psykose. Eg veit naboane òg varsla. Morgenen før brannen var det mange varsler om at det var fare på ferde, men det blei ikkje tatt på alvor.

Visste ikkje om han levde

Då ho vakna morgonen etter brannen, visste ho ingenting om den. Ho såg at eit framand nummer hadde ringt ho, men før ho fekk sjekke opp i kva det var, var det ein slektning som ringde ho. «Det har brent der sonen din bur», fortalde dei ho. Tankane gjekk umiddelbart til observasjonane ho hadde gjort kvelden før. Og til sonen og hans sikkerheit. For enn så lenge visste ho ikkje om sonen var i live.

– Eg ringde sjukehuset, men dei kunne ikkje seie noko, sa dei. Eg ringde politiet, men dei kunne heller ikkje seie noko. Så leste eg på Haugesunds avis at han var blitt pågripe. Der har altså avisa fått informasjon som eg blir nekta om min eigen son. Og framleis visste eg ikkje korleis han hadde det, om han låg på sjukehuset med alvorlege skader eller om han hadde kome uskadd frå det. Eg var så redd, seier ho.

Etter kvart fann ho ut at han var frivillig innlagt på sjukehuset, og egentlig var fri til å gå. Det eneste var at politiet skulle bli varsla om han ville gå. Så leste ho, nok ein gang i avisa, at sonen sannsynlegvis ville bli varetektsfengsla. Då senka skuldrene seg, og ho kunne slappe av. Sonen var ivaretatt. Det skulle gå bra med han til slutt likevel. Så kom kontrabeskjeden.

– Det var ikkje grunnlag for å ha han innlagt, fordi han var frisk. Eg ringte og ba på mine kner om at dei måtte halde han, fordi han ikkje var frisk, men dei meinte at nå var han frisk. 

– Det var heller ikkje grunnlag for å halde han i varetekt, sa dei. Det var ikkje bevisforspillelsesfare, det var ikkje fare for gjentaking. Og der står eg og veit ikkje kva eg skal gjere, for dette hadde eg varsla om i forkant av brannen, utan at nokon gjorde noko, og sjølv etter dette tar dei det framleis ikkje på alvor. Han vil ha hjelp sjølv, han ønska sjølv å vere i varetekt. Men så blir han lauslaten og må klare seg sjølv, samtidig som han framleis er sjuk, seier ho.

Redd for seg sjølv

No er ho sliten. Mora har kjempa på i åtte år. Ho har køyrt sonen til legar og sjukehus, ho har ringt og ringt rundt til forskjellige institusjonar og etatar for å få hjelp til sonen. Ho har hat eit utal vakennetter, eit utal bråoppvakningar. Ho har kjempa for å få informasjon ho må ha som pårørande. På mandag fekk ho endeleg fullmakt hos politiet òg, så no skal ho ha tilgang på alt. Det tok åtte år å kome der. Det måtte ei sånn hending til for at dei skulle forstå; før dette måtte ho få informasjonen gjennom avisa. No begynner ho å gå tom.

– Om dette held fram så er det eg som må bli innlagt til slutt. Det er ikkje utan grunn at pårørande ofte slit, for me står i dette døgnet rundt. Eg er hundre prosent sjukmeldt frå jobb no, men eg går likevel på jobb om dagen. Om eg ikkje gjer det har eg for mykje tid til å tenke. Eg tør ikkje stoppe, for eg er redd for å ikkje kome meg i gang igjen, sukker ho.

No ventar jula. Rundt ho ser ho familiar som smiler og er glade, gler seg til familiemiddag, kjøper gåver og syng julesongar. Men ho trur ikkje på noko fin jul i år.

– Eg kjem ikkje til å la han feire jul åleine, eg tar han med heim til familiefeiringa. Sjølvsagt gjer eg det, han er sonen min. Eg skulle ønske han var innlagt, eller kunne vere varetektsfengsla, men når helsevesen og rettsvesen ikkje tar vare på han, må eg gjere det. Men det er vondt, for eg veit at enkelte familiemedlemer er nervøse, dei er redde for at han skal gjere noko. Eg kjenner igjen teikna, eg kan sjå når det er fare, men det kan ikkje dei, så for dei er dette veldig skummelt. Eg trur jula blir heilt jævlig, fortel ho.

Om dette held fram er det eg som må bli innlagt til slutt.

Fleire pårørande

Med seg til TV Haugaland denne kvelden har more ei anna pårørande av sonen. Ho er redd for kva mannen vil tenke, om ho står fram med namn. Derfor vil ho i denne saken bli omtala som «Heidi».

– Når han ikkje er i psykose, så er han så bra, då skjønner han at me vil han vel, og han vil ha hjelp sjølv. Han blir med til legar, blir frivillig innlagt. Men når tankane kjem, når stemmene kjem, då kan det vere han tenker me jobbar mot han, at me rotter oss saman mot han. Det gjer me ikkje, me vil, nett som han, at han skal få hjelp, seier Heidi.

Ho blir veldig engasjert når ho fortel om frustrasjonen ho kjenner på. Frustrasjon over at mannen ikkje får hjelp. Frustrasjon over at han blir ein kasteball i eit system som ikkje hjelper dei som treng hjelp. Ho trekker linjer til øksedrapet som skjedde på Vår Frelsers gravlund for nokre år sidan.

– Dette er varsla katastrofar. Dei ber og ber om hjelp, gang etter gang, men dei får det ikkje. Dei blir ikkje tatt på alvor, eller alle instansar meiner det er ein anna instans som skal ha ansvaret for nett dette, og mellom alle desse stolane fell desse folka, og då blir dei desperate til slutt. Det gjer dei vondt, og jo lengre me tøyer strikken jo fleire gjer det vondt. Ni menneske kunne ha døyd då han tente på. Ni liv me aldri hadde fått tilbake. Og dette skjer fordi folk ikkje blir tatt på alvor når dei ber om hjelp, held Heidi fram. 

La på

Morgonen etter brannen, då mora til mannen ringde rundt for å finne ut kvar sonen var, og korleis han hadde det, ringde ho blant anna til avdelinga for psykisk helsevern på sjukehuset. Der sa dei at dei hadde det for travelt til å snakke, og la på. Fire sekund vara den samtalen. I etterkant har ho tatt sonen med til legen i håp om å få han innlagt. Ho meinte han var psykotisk.

– Han var rusa då me gjekk der, og då oppfører han seg heilt annleis. Han sa det til og med sjølv, til legen. «Eg burde ikkje rusa meg før eg kom her, for då kunne du sett korleis eg eigentleg er». Når me har vore hos legevakta tidlegare har eg sagt til legen at eg vil ha han innlagt, og dei seier han ikkje har behov for det. Mens de seier det sit han framfor dei og leiter i jakka si etter opptaksutstyr han er overtyda om at er i den, fordi nokon overvaker han.

Ho er klar på at sonen skal ta straffa for det han gjorde. Det har sonen vore òg. Men ho vil at sonen skal bli ivaretatt fram til denne straffa. Og ho vil at han skal få hjelp etterpå òg. For om han ikkje får hjelp, kan ting skje igjen, seier ho.

– Eg trur, heilt ærleg, om det ikkje hadde vore rus involvert her, så hadde sonen min blitt møtt på ein heilt anna måte. Det er frustrerande når han vil ha hjelp, me vil at han skal få hjelp, men ingen hjelper han. Eg har ikkje mykje meir å gi, men eg kan ikkje gi opp sonen min. Mitt siste håp er å få litt merksemd rundt dette, så me kanskje får ei endring i eit system som ikkje fungerer, avsluttar ho.

TV Haugaland har vore i kontakt med kommunikasjonssjef i Helse Fonna, Magne Kydland:

– Helse Fonna ynskjer ikkje å kommentere denne konkrete saka i media, men er i dialog med pasient og pårørande.