STORD: Jakobsen har over 12 års erfaring innan teknologi, bilindustri og maritim bransje. Ho er eit kjent ansikt i det innovative miljøet i Maritime CleanTech, mellom anna frå tida i NorthSea Container Line. Jakobsen var styremedlem i Maritime CleanTech i perioden 2018-2020.
– Som leiar av Maritime Clean Tech får eg høve til å jobba aktivt for å realisera framtidas nullutsleppssamfunn saman med ein drivande dyktig administrasjon, eit ambisiøst styre og over 150 medlemsbedrifter som er framoverlente og kapable til å pusha på teknologiske, politiske og marknadsmessige barrierar for å akselerera energiskiftet i maritim næring. Dette er rett og slett ein draumejobb, seier Jakobsen i ei pressemelding.
Styrkar internasjonaliseringa av grøn skipsfart
Styreleiar I Maritime Clean Tech, Bjørn Sundland, er svært nøgd med tilsettinga av ny direktør.
– Ada Jakobsen har ein bakgrunn og profil som passar perfekt til Maritime CleanTech. Med Ada ved roret får me ein toppmotivert leiar som ønsker å driva ein av våre mest verdiskapande næringar i klimavenleg retning. Ho har eit brennande engasjement for innovasjon, berekraft og digitalisering, og ho kjenner den maritime bransjen frå innsida. I tillegg blir Ada ei viktig drivkraft for internasjonaliseringa av norsk grøn skipsfart.
I tillegg til industrierfaring frå rederi, bilbransje, teknologi og startup, har Jakobsen internasjonal leiarutdanning. Frå prestisjetunge HEC Paris har ho med seg Executive MBA, med spesialisering i digitalisering og energi. I tillegg har Jakobsen mastergrad i organisasjonspsykologi og leiing frå BI, og økonomiutdanning frå velrenommerte University of St. Andrews i Skottland.
– Ada er ein dyktig taktikar med store ambisjonar for korleis Maritime CleanTech skal styrka arbeidet for å bidra til utsleppskutt frå skipsfarten globalt. Ho er handlekraftig, og har allereie ein svært imponerande cv å visa til, seier Sundland.
Startar i direktørjobben i februar
Maritime CleanTech har sitt hovudkontor på Stord, med avdelingar i Bergen og Stavanger.
Næringsklynga er eigd og drive fram av industrien – med representantar frå heile den grøne maritime verdikjeda. Som følge av stadig aukande aktivitet og prosjektportefølje, kjem det også fleire nye tilsette i administrasjonen på nyåret.
– Det er eit solid team i administrasjonen som eg no får samarbeida med for å ta organisasjonen vidare, og eg veit det er fleire betydelege teknologisatsingar i emning saman med mange ambisiøse partnarar, seier Jakobsen. Ho tiltrer stillinga 15. februar. Fram til oppstart er Håvard Tvedte konstituert direktør i Maritime CleanTech.