– I kriminalteknisk samanheng er det mange forhold som speler inn, men det er usannsynleg at gjerningsmannen ikkje har avsatt meir spormateriale seier Ragne Farmen til VG.
Ho er ein uavhengig DNA-analytikar, og er ikkje direkte involvert i rettsaken. Derimot følgjer ho den på oppdrag på VG. Fordi ho ikkje er sakkyndig i saken har ho ikkje tilgang til alle saksdokumenta, men ho uttaler seg på generelt grunnlag til Oslo-avisa om DNA-beviset som er i sentrum av Birgitte Tengs-saken.
– At det er så få tekniske bevis i denne saken gjer det vanskeleg. Det er ikkje alltid ein overgripar legg igjen kroppsvæsker, men om det har vore forsøk på seksuell kontakt er det sannsynleg at det vil avsettes noko meir biologisk materiale, seier ho.
Hovudbeviset til aktoratet i Tengs-saken er eit Y-kromosom som fleire tiår etter drapet blei funne på stømpebuksa til Tengs. Det har ein mutasjon som matcher tiltalte i saken. Forsvarerne til tiltalte meiner DNA-funnet kan ha hamna der som følgje av kontaminasjon eller oversmitte.
– I denne saken er det funne éin ørliten biologisk materiale. Teknologien i dag er så god at ein kan oppdage éin enkelt celle. Derfor er reglane for handtering av bevismateriale så ekstremt strenge, for ein berøring kan vere nok til å overføre ei celle frå ein person til ein annan. Om ein skal vere sikker på at et DNA-funn skal lede til domfellelse, må ein utelukke alle andre årsaker, seier forsvarer Stian Bråstein.