Bymisjonens juleønske har opplevd stort auke i søkarar i år: – Folk har dårlegare råd enn før

Kvart år før jul får Kirkens bymisjon ønskjer om julegåver frå familiar med dårleg råd. Desse kan folk vere med på å oppfylle. I år har dei opplevd tilnærma dobling av mengda søknadar.

– Det er mange fleire i år enn tidlegare, det har nok samanheng med at prisane på mat og straum har gått opp, og at mange fleire familiar har dårleg råd, seier Helene Skeie Østhus.

Ho er seksjonsleiar for Kirkens Bymisjon i Haugesund, og har sett utviklinga dette konseptet har hatt over tid.

– I fjor fekk me oppfylle over 1800 juleønske, men i år har me opplevd ei dobling av antalet søkarar. Og me tenkar at når folk kjem til oss og ber om hjelp så treng dei hjelpa vår, så me tar alle søknadane me får på alvor, seier Østhus.

Ber folk vere raske

Ho tok seg tid til å møte TV Haugaland på Oasen storsenter onsdag. Der var ho og kollegaene hennar på plass for å henge opp hjarter med desse ønskene på. Etter at dei er hengt opp kan heilt vanlege folk ta med seg eit hjarta, kjøpe det som er på det, så sørger Kirkens bymisjon for at dei kjem ut til den riktige familien.

– Alle har litt dårlegare råd i år enn tidlegare på grunn av prisane, og me har vore litt nervøse for at folk kanskje prioriterer andre ting. Men me håper folk tenker at dette er ein viktig tradisjon, og heller kutter ned på andre ting. Nytt av året er også at folk kan kjøpe gåver i andre sitt namn; då får dei gi eit kort der det står at nokon som trengte det fekk ein gåve i ditt namn, forklarar Østhus.

No har folk om lag ein månad på seg til å plukke med seg hjarter, kjøpe gåven, og levere den tilbake igjen. Men Østhus håper folk er raske.

– Det er eit valdsamt arbeid med logistikken for oss å få levert alt ut, så når fristen går ut 16. desember blir det travelt. Dess fleire som har levert i god tid før det, dess lettare blir det for oss å bli ferdig med alt innan julekvelden er over oss. Det er viktig for oss at foreldrene skal få nok tid til å pakke inn gåva til barna sine og leggje det under treet tidsnok, seier Østhus.

ØNSKE: Nokre av ønskene som har blitt sendt inn til Kirkens bymisjon i år. FOTO: Thomas Klakegg

– Folk er rause

Ein ting som går igjen i hjartene på treet i år er klede og vinterklede. Østhus fortel at det går inn på ho å lese ønskene til desse familiane.

– Det er veldig sårt å gå gjennom dei og sjå kor mange som ønsker seg ting ein gjerne tenker at alle barn har. Og ein veit jo kor viktig det er å ha skikkelege, varme klede for barn når dei er ute og leker.

Trass i dei auka prisane og doblinga i mengda søknadar, håper Østhus å få oppfylle mange sine ønsker i år óg.

– Folk er rause og gir med hjarta. Me satsar på å gjere mange familiar glade i år som i fjor, avsluttar ho.