Politiet står parkert i Skåregata, politi, politiet, up, utrykningspolitiet
FØLGJER MED: Politiet følgjer med i saken der ein "lokkemann" har vore på ferde på Karmøy. FOTO: Tor Håkon Thomassen

«Lokkemann» på ferde i Karmøy – har fått besøksforbud

For ei tid tilbake prøvde ein mann å lokke med seg nokre barn ved Eide skule i Kopervik. No skal han ha vore på ferde igjen – i Åkra denne gongen.

Ein mann skal ha spurt barn om dei kan hjelpe han å finne hunden sin. Dei som blei spurt syntest mannen verka rusa og merkeleg, og dei stoppa dermed ikkje lenge saman med mannen. Politiet vil ha kontakt med folk opplev slike hendingar.

– Politiet har forståelse for at dette engasjerer folk i nærmiljøet. Om folk opplever noko som dei bør melde frå til politiet om, ønskjer me at dei tar kontakt med politiet så fort som mogleg, seier Thomas Utne Pettersen, seksjonsleiar fremskoten påtale i Haugesund.

Han fortel at dei har ein mistenkt i saken, og at dei har snakka med han.

– Ein person har fått status sikta, og vedkommende blei avhørt av politiet onsdag. Han fekk eit besøksforbud etter avhøret, som han godtok. Dette er fornærmede gjort kjent med, forklarar han.

Avslutningsvis forklarar han at politiet kjem til å prioritere hendingar som blir meldt inn.

ÅTVARAR: Foreldre på Karmøy åtvarar kvarandre i klassegrupper om at ein lokkemann har vore på ferde.

– Me prioriterer dei med dei verkemidlane me har. Me held fram etterforskninga av saken, men utover det kan me ikkje kommentere saken noko nærmare, seier han vidare.

Mannen skal altså vere den same TV Haugaland meldte om i 2020. Då prøvde han å lokke med seg barn i Kopervik. Óg den gongen prøvde han å få barna til å hjelpe han å leite etter hunden hans.