– Det kostar pengar å reise ned og hente folk, og sjølv om me som reiser gjer det utan betaling, så kostar det. Til eksempel drivstoff og transport blir det utgifter av. Me har vore der nede fleire gonger, og har fått ein del støtte for å få det til. Men alle potensielle måtar å finansiere fleire turar for å få fleire folk vekk frå krigen må utforskast, seier Thor Ivar Kallevik.
Han jobber med organisasjonen «Hvite Busser 2022» for å få fleire Ukrainske flyktningar nordover til Noreg i tryggleik frå den Russiske invasjonen. Nå skal dei begynne å selge brød for å finansiere nye turar.
– Ideelt sett skulle me hatt fleire turar allereie før jul, så då må me få inn pengar. Me har to bussar som begge snart er heilt klare til fleire reiser. Så snakka eg med Topp-Bakeren, og han tente på denne ideen med ein gong. Så då startar me opp fredag 11. november med å selge brød der ein stor del av kjøpesummen går direkte til å finansiere fleire turar, sier Kallevik.
Full støtte
Det var ikkje nok å ha brød å selge; Kallevik måtte òg ha ein stad å selge det. Då han foreslo det for varehussjef hos Bauhaus Haugesund, Eivind Rio-Standal, var ikkje Standal vanskeleg å be.
– Bauhaus prøver generelt å bruke midler på å hjelpe, for eksempel hjartesjuke barn eller forbetra psykisk helse. Me jobber ein del med desse tinga frå før av, som òg var ein del av grunnen til at denne idèen apellerte til oss umiddelbart då Thor Ivar kontakta meg og spurte om me ville vere med på dette, seier Rio-Standal.
Rio-Standal understrekar likevel at det er Kallevik og Hvite Busser 2022 som står for innsatsen i dette prosjektet.
– Me har gitt dei nokre kvadrat til å stå og selge på, men all æra skal gå til Thor Ivar og folka hans. Det er dei som verkeleg står på for å gjere ein forskjell her, fortel han.
Hjelper sine eigne
Kallevik er ikkje åleine når han jobbar med dette prosjektet. Han fortel at dei sidan krigen brøyt ut allereie har fått 1200 ukrainerar til Noreg, og at fleire av desse vil bidra i dette prosjektet.
– Eg kjem sjølvsagt til å vere der mykje, men ein del av dei me har henta frå Ukraina seier dei har lyst til å bidra, og kjem til å vere med å selge når me startar opp neste fredag, seier Kallevik.
Han fortel at mange av dei blei gira på idèen med ein gong dei hørte den.
– Mange av desse har opplevd grusomme ting, dei har måtte bu i bunkersar medan bombene smalt utanfor. Dei vil bidra til å hjelpe familiane sine, vennene sine, folket sitt som framleis er igjen i Ukraina. Det er begrensa kva måtar dei kan hjelpe på herifrå, så når dei fekk moglegheita til å hjelpe her var dei klar for innsats med ein gong, avsluttar han.