– Me blir berre møtt med positivitet av foreldra, dei seier me skal stå på krava våre og ikkje gi oss. Dei er jo einige med oss i at me fortener skikkeleg pensjon, og pensjonsalderen kjem før me veit ordet av det. Dette er viktig for oss alle, om me er 22, 30 eller nærmare pensjonsalderen, seier Siv Karin Mikkelsen.
Ho er tillitsvalgt i Espira Karmsund. Frå før av var det mange som var i streik der, frå tysdag blei det fem til. Mikkelsen saknar å gå på jobb etter 13 dagar med streik, men er klar på at dei ikkje gir seg før dei har fått vilja si i denne saka.
– Det er eit stort sakn, og det er veldig vanskeleg når ungane står rett der borte og ropar på meg. Det er vanskeleg å forklare for dei at me er i streik og at eg ikkje skal vere i barnehagen no. Men når me har sitte her så lenge så sit me til me får vilja vår, seier ho.
Nye medlemmer
Ingunn Nøkling jobbar for fagforbundet i Karmøy kommune, og ho fortel at denne saka har skapt engasjement hos dei tilsette.
– I oktober fekk me 56 nye medlemmer i fagforbundet i Karmøy, og alle er klare til å stå på krava sine. Me gir oss ikkje, me har mykje meir å gi, seier Nøkling.
Foreløpig nærmar ikkje dei to partane i konflikten seg, og Nøkling fortel at det er stor avstand mellom dei tilsette og barnehageeigarane.
– Me ser jo at dei går ut i media og seier me er urimelege, men me meiner jo at me ikkje er det. Me får ta vår kamp sånn som me tenker me har rett til, seier ho.
Vil tilbake på jobb
Asbjørn G. Sevland jobbar for Utdanningsforbundet, som saman med Fagforbundet og Delta er dei som tar barnehagetilsette ut i streik i denne konflikten. Han seier at trass i den store streikeviljen i alle dei 15 barnehagane som er tatt ut, så ønskjer dei tilsette seg tilbake på jobb.
– Det er foreldrene som blir straffa her, for dei har ingen plass å levere ungane sine så dei kan gå på jobb. Det ønsker ikkje me. Me ønsker å vere på jobb i barnehagen i stadet for å streike, men så lenge denne streiken er så viktig for alle, må me stå opp og ta den for andre yrkesgrupper som kan få den same problemstillinga, seier han.
Når TV Haugaland skal til å gå kjem ei streikande tilsett springande og stoppar oss. Ho gjentar bodskapet til både Sevland, Mikkelsen og Nøkling:
– Du må få med at me vil tilbake på jobb, men at me ikkje kjem til å gi oss!
Sjå video i toppen i artikkelen.