Awa Rahimpour, Cecilie Anna Rønhovde og Fariba Rashidi under støttemarkeringa på Stord i september.
Awa Rahimpour, Cecilie Anna Rønhovde og Fariba Rashidi under støttemarkeringa på Stord i september. FOTO: Svein Olav Langåker

Åpent brev til Jonas Gahr Støre og stortingspresident Masud Gharahkhani

Iranske kvinner som har rømt fra tvangsekteskap og «moralforbrytingar» har fått avslag

I norske mottak i dag bur det 16 kvinner, som har rømt frå tvangsekteskap eller andre «moralforbrytingar» i Iran. Nokre av dei har vore i Noreg i årevis, opptil 20 år for enkelte. Dei har alle fått avslag på sine søknadar om å få bli i Noreg.

Lesarinnlegget er skriva av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for haldningane til skribenten. 

Kjære statsminister Jonas Gahr Støre og stortingspresident Masud
Gharahkhani!

Me oppfordrar dykk til å gje alle dei 16 einslege iranske kvinner som bur i
norske mottak varig opphald. Dei siste vekers hendingar syner kor farleg det er for kvinner i Iran som ikkje følgjer gjeldande reglar frå styresmaktene.

Den 13. september 2022 blei den kurdiske kvinna Mahsa Amini 22 år arrestert i Teheran av Iran sitt moralpoliti for å vist for mykje hår. Augenvitner har fortalt at dei såg ho bli banka opp av politiet. I løpet av timar blei ho frakta til eit sjukehus i koma. Tre dagar seinere døydde 22-åringen av skadene ho blei påført.

Det iranske moralpolitiet går langt i å kontrollera kvinner og jenter, og utsett rutinemessig denne delen av befolkninga for fengsling, tortur og anna mishandling som pisking, amputasjon og andre nedverdigande straffar om dei ikkje held seg innanfor Iran sine diskriminerande lover.

Sjølv om det både er ulovleg og farleg å protestera mot det autoritære regimet i Iran, har Mahsa Aminis død sendt tusenvis av mennesker til gatene, ifølgje nyhetsbyrået AFP, ein motstand som har vokst i styrke og spreidd seg over heile landet. Protestane har blitt møtt med brutal og i mange tilfeller døyeleg politivald.

Den norske forskeren Banafsheh Ranji, ved NTNU, er spesialist på Iran og har¨sjølv budd i landet til ho var 25 år, meiner fleirtalet av kvinner i Iran kan identifisera seg med handsaminga 22 år gamle Mahsa Amini fekk:

«Alle har sjølv blitt stansa eller kjenner nokon som har møtt moralpolitiets lange arm».

Ho meiner at så lengje retten til å bestemma over kvinner sin måte å oppføra seg på er lovgitt, vil den også kunne vera døyeleg.

I norske mottak i dag bur det 16 kvinner, som har rømt frå tvangsekteskap eller andre «moralforbrytingar» i Iran. Nokre av dei har vore i Noreg i årevis, opptil 20 år for enkelte. Dei har alle fått avslag på sine søknadar om å få bli i Noreg, men å reisa tilbake til Iran er ikkje noko alternativ då dei ikkje kan kjenna seg tryggje for voldshandlingar dei vil bli påført av styresmaktene eller eigen familie.

Awa Rahimpour bur på Stord mottak. FOTO: Svein Olav Langåker

Vår gode ven, Awa Rahimpour, som bur i flyktningemottak på Stord, er ei av desse kvinnene, og me fryktar for hennar og dei andre sin tryggleik. Me krev at Norge no må ta opp att desse sakene, då me alle har fått ny innsikt i kva fare kvinner som Awa og andre, som opponerer mot moralske forventningar og lover i Iran, blir utsett for.

Masud Gharahkhani, du har engasjert deg i det som skjer i Iran akkurat no, og uttala:

«Jeg drømmer om at iranere en dag skal ha den samme friheten og  demokratiet som jeg er så heldig å ha i mitt land, Norge».

Den same draumen har me.

No ber me deg og statsminister, Jonas Gahr Støre, om hjelp til å gjera denne draumen sann for nokre av desse kvinnene – 16 einslege iranske kvinner i norske mottak – ved å ta opp at sakene deira til ny vurdering i UNE og gje dei varig opphald i Norge slik at dei kan starta eit nytt liv der skulegang og jobb, ekteskap og eit fritt liv er mogleg.

Me oppmodar så mange som mogleg om å støtte opp om denne saka og senda ei oppmoding til statsministaren og stortingspresidenten vår. Saman kan me gje desse Iranske kvinnene ei trygg og verdig framtid.

Helsing frå Kjellbjørg Lunde, Svein Olav Langåker, Cecilie Anna Rønhovde, Håkon Frode Særsten og Jane Jünger, på vegne av Awa United.