Sveio O-lag tilbyr åtte ulike løyper laurdag 28. april, med utfordringar for løparar i alle aldrar og på ulike nivå.
Sveio O-lag tilbyr åtte ulike løyper laurdag 28. april, med utfordringar for løparar i alle aldrar og på ulike nivå.

O-helg med noko for alle

Sveio O-lag byr på både enkle og korte nybegynnarløyper og løyper med litt meir utfordringar for dei som har vore med i o-sporten ei stund.

SVEIO: Førstkomande helg, laurdag 28. april og søndag 29. april, blir ei innhaldsrik helg for alle på Haugalandet og i Sunnhordland som vil prøva seg i orienteringsløypa. Dei to mindre, men aktive o-klubbane i distriktet, Sveio Orienteringslag og Vikebygd IL, skipar til kvar sitt stemne med deltakarar frå heile Vestlandet.

Sveio O-lag innbyr til mellomdistanseorientering frå Auklandshamn skule laurdag ettermiddag. Arrangøren kan lova åtte ulike løyper i eit variert og lett framkommeleg terreng med mange stiar. O-laget freistar og med kiosksal, flott arena, god parkeringsplass og deltakarar frå store delar av Vestlandet.

Søndag flyttar o-løparane seg til Vikebygd, der Vikebygd IL innbyr til den tradisjonsrike Vikesprinten. Den er lagt opp ein jaktstart, der løpararar i alle aldrar og nivå i utgangspunktet har høve til å vinna.

Frå starten av KM i mellomdistanseorientering som Sveio O-lag skipa til hausten 2017. Foto: Thomas Førde