last ned

Har du sjekka skattemeldinga di?

Måndag 30. april er fristen for å levere skattemeldinga. Du er sjølv er ansvarleg for at opplysningane stemmer.

ØKONOMI: I Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har 86 prosent av lønnstakarane og pensjonistane opna skattemeldinga si. Men det er framleis omlag 108 000 som ikkje har sjekka opplysningane sine få dagar før fristen går ut.

− Viss ikkje du sjekkar skattemeldinga di, kan du gå glipp av frådrag som skulle vore med. Til dømes er reisefrådrag noko vi ser mange gløymer, og her er det pengar å spare, seier avdelingsdirektør i Skatteetaten, Trude Husevåg, i ein pressemelding.

Skattemeldinga som du fekk i starten av april er førehandsutfylt med dei opplysningane skatteetaten har om økonomien din. Men Skatteetaten veit ikkje alt om deg, og skattemeldinga gir berre eit foreløpig svar på om du skal ha pengar igjen eller om du får restskatt.

Treng du hjelp?

− På skatteetaten.no finn du all relevant informasjon om skattemeldinga. Du kan mellom anna sjå korleis du sjekkar skattemeldinga di steg for steg, få oversikt over alle postane, og bruke frådragsvegvisaren og pendlarvegvisaren. Det kan vere ei god investering å ta turen innom nettsidene våre no i innspurten, seier Husevåg.

Viss du er lønnstakar eller pensjonist, har sjekka at opplysningane i skattemeldinga er korrekte og ikkje har endringar, treng du ikkje levere. Har du endringar og må levere skattemeldinga, kan du levere den elektronisk.

Du får det endelege skatteoppgjeret når skattemeldinga er behandla. Skatteoppgjeret for 2017 er tidlegast klart 27. juni.