Siste:

DonaldJTrump.com

«Våkn opp»

Tidlegare i veka skreiv to styremedlemmar frå Haugaland FPU eit lesarinnlegg i Hnytt om korleis dei synest USA sin president Donald J. Trump blir mobba. Det blir påstått han og familien må tole mobbing i media og at han sjølv i den norske skulen blir utsett for mobbing frå lærarar. I Sosialistisk Ungdom tar me mobbing seriøst, og nettopp derfor meiner me det er viktig å stå opp mot Trump sine utsegn, skriver Maud Karin Kristiansen og Fredrik Tønnesen i dette innlegget.

LESERINNLEGG: Donald Trump har i valkampen kalla kvinner han ikkje likar for grisar og hundar, han har kalla meksikanarar valdtektsmenn, han har komme med forslag om å sette muslimar på eigne lister og han har ope gjort narr av handikappa på sine eigne valkampstemne. Korleis kan dette vere ein mann verd å forsvare? Donald Trump er verdas mektigaste mann og politikken han fører har konsekvensar for heile verda. Det er ikkje unaturleg at ein mann med så mykje makt må forvente kritikk. Ikkje tilgi han, han veit godt kva han gjer.

Noko av det mest fundamentale ved demokratiet vårt, som FpU er så bekymra for, er jo faktisk at ein skal ha lov til å kritisere personar med makt. Det er både naturleg og nødvendig å kritisere dei som sit med makta, og utan kritikk av makteliten hadde ikkje demokratiet fungert.

Innlegget går òg inn på at Trump nyleg har nekta innbyggarar frå åtte muslimske land innreise i USA, og det blir tatt opp kvifor dette er blitt eit så stort tema når 16 muslimske land har nekta israelarar innreise. Då må me nesten spørje: Er det desse landa USA ynskjer å bli samanlikna med? Meiner Haugaland FpU verkeleg at USA burde bevege seg nærmare teokratiske statar som Saudi Arabia, Jemen og Iran?

LES OGSÅ: Er det greit å mobbe Trump fordi han er en politisk figur?

Vidare blir det nemnt at Syria òg er eit av desse landa, og at sidan Syria har valt å nekte israelarar innreise, er faktum at Trump ynskjer å nekte syrarar innreise i USA heilt rettferdigjort. Me vil gjerne minne Haugaland FpU om at Syria er ei krigssone, og at menneska som fluktar frå denne krigen ikkje har hatt noko form for innflytelse på forholdet til Israel; dette er menneske som ikkje har noko anna val enn å flykte. Kor kaldt er det ikkje då å seie ”Nei, dykkar stat vil ikkje sleppe inn israelittar, så de må dessverre dra tilbake”? Korleis kan ein mann som Donald Trump, som moglegvis er verdas heldigaste mann, som er født inn i rikdom, som har alt ein kan drøyme om, korleis kan ein slik privilegert mann sitte på gullstolen sin og nekte menneske som rømmer frå krig ein sjanse til å overleve? Nekte dei sjansen på eit betre liv? Og kanskje endå verre, korleis kan nokon sitte her og forsvare det? Dette handlar ikkje om kva dei muslimske statane har gjort, dette handlar om at verdas mektigaste land snur ryggen til den mest sårbare folkegruppa me har.

FpU må òg vere forsiktige med å kaste stein i glashus. Ein tillitsvald i moderpartiet deira gjekk for eit par veker sidan ut og kalla miljøbyråd Lan Marie Nguyen Berg i Oslo Kommune for ”Eit fittetryne av ei vietnamesermegge”, og dette er berre eit av fleire døme på slike utsegn frå medlemmar frå FrP og FpU. Ein kan ikkje forlange og forvente ei endring om ein ikkje sjølv ryddar opp i eigne rekker først.

No er det på tide å stå opp mot den veksande fascismen me ser i verda, eit fenomen Donald Trump sin politikk er eit klart døme på. Ein kvit milliardær som ikkje viser eit snev av medkjensle for menneske i naud og på flukt er ikkje ein mann som burde vere leiar av verdas mektigaste land, og no som han har blitt valt til president er det viktig at me gjer det me kan for å protestere mot den politikken han står for. Det at FpU då går så hardt ut for å sløkke flammen rundt Trump,  for å stilne debatten, viser berre at FpU ikkje innser kor mange menneskeliv politikken til Donald Trump faktisk kan øydelegge, og det er definitivt ein grunn til å bli redd. Om me ikkje skjønner det no, er det snart for seint.