Hege Økland. Foto: Maritimt Forum,
Hege Økland. Foto: Maritimt Forum,

Nominert til prestisjetung innovasjonspris

NCE Maritime CleanTech (MCT) med base på Stord er nominert til den prestisjetunge Sivaprisen 2016. Prisen skal delast ut om tre veker til eit norsk innovasjonsmiljø som over tid har vist evne til nyskaping og omstilling.

Tekst: Terje Emil Johannessen

MCT jobbar for det grøne skiftet i maritim sektor, og representerer 51 verksemder langs kysten vår frå Stavanger til Bergen. Tyngdepunktet er på Haugalandet og i Sunnhordland, med sentrale aktørar som Solstad, Østensjø, North Sea Container Line, Haugaland kraft, Westcon, Wärtsilä, Eidesvik og Høgskolen Stord/Haugesund.

Grøne løysingar

Med i MCT-samarbeidet er mellom anna verft, rederi, forskingsmiljø og offentlege aktørar. Saman utviklar dei energieffektive og miljøvenlege løysingar i ei av dei viktigaste norske næringane. Blant resultata finn ein både ferjer og forsyningsskip som bruker låg- eller nullutsleppsteknologi. I tillegg jobbar MCT med grøne løysingar som skal overføra meir godstransport frå veg til sjø, samt å innføra passasjerbåtar utan luft- og klimautslepp i kollektivtrafikken.

–Dette er stort for alle som deltar i klyngearbeidet. Å bli nominert til Sivaprisen viser at samarbeidet vårt for nye maritime løysingar blir lagt merke til. Nominasjonen er allereie ein siger, ei anerkjenning me tar med oss i vidareutviklinga av ei verdsleiande maritim næring i regionen vår”, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech i ei melding til pressa.

Open avstemming

Vinnaren av Sivaprisen blir kåra gjennom ei open avstemming på nett der alle kan stemma,  kombinert med vurderinga frå ein fagjury. Saman med fire andre nominerte er NCE Maritime CleanTech med i kåringa fordi dei ifølge juryen har bidratt vesentleg til nyskaping og til å opna nye marknader, bidratt til innovasjon gjennom samarbeid, fordi dei har tatt modige valg som har vore avgjerande for suksess – og ikkje minst fordi dei har stått fram som rollemodell, inspirert andre og delt kunnskap.

Prisen på 300 000 kroner blir delt ut i Trondheim 10. mai.

VIKTIG REGIONALT FORSKNINGSMILJØ: NCE Maritime CleanTech (MCT) jobber med energieffektive og miljøvenlege løysingar for maritime bedrifter. Foto: MCT

VIKTIG REGIONALT FORSKNINGSMILJØ: NCE Maritime CleanTech (MCT) jobber med energieffektive og miljøvenlege løysingar for maritime bedrifter. Foto: MCT