Denne perspektivskissen som Helse Fonna har fått utarbeidet, inneholder både ny vestblokk og nye nord-blokker. Illustrasjon: Helse Fonna.
Denne perspektivskissen som Helse Fonna har fått utarbeidet, inneholder både ny vestblokk og nye nord-blokker. Illustrasjon: Helse Fonna.

Vil bygge ut sykehuset i vest

Styret i Helse Fonna blei i dag orientert om tilrådinga frå prosjektkomitéen for utbyggingsprosjektet. Den tilrår å bygge ut Haugesund sjukehus mot vest i byggetrinn ein, for deretter eventuelt å byggje vidare mot nord.

HELSE: – Vi ser det er gjort eit grundig og godt arbeid med mange involverte, vi vil nå sette oss inn i rapporten før endeleg styrebehandling om utbygging mot vest eller nord i første byggetrinn, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Nå vil konseptrapporten bli sendt på ei ekstern kvalitetssikring, før styret etter planen skal gjere vedtak i saka i møte i april.

Rapporten bygger på arbeid frå utviklingsplan, idéfase og nå sist konseptfase for ByggHaugesund2020. Nullalternativet, det vil i hovudsak seie å oppgradere dagens bygningsmasse, gir etter Svendsen si meining ei kvalitativ dårleg løysing. Det medfører stor risiko, og kostar tilnærma det same som vest-alternativet.

– Vi trenger nytt sjukehusbygg i Haugesund. Det vil vere for krevjande å oppgradere dagens bygning samstundes som ein skal ha ordinær sjukehusdrift, dette er ikkje eit alternativ å arbeide vidare med, seier Svendsen.

Funksjonar for pasientbehandling

Fleire av dei kritiske sjukehusfunksjonane vil få nytt areal i vest-alternativet sett opp mot nord-alternativet. I begge utbyggingsalternativ er det lagt opp til at mellom anna fylgjande funksjonar skal flyttast i nytt bygg:

  • Akuttmottak, sentraloperasjon, føde, obs-post, akuttpost psykisk helsevern/rus.
  • Dersom det blir vedteke å bygge mot vest vil ein i tillegg flytte intensiv/oppvåking og laboratoria i nybygg. I nord-alternativet er det ikkje rom for desse funksjonane i nytt bygg. Det er mål om byggestart for byggetrinn 1 i 2018. Det er sett av midlar til ombygging av eksisterande bygg i samband med byggetrinn 1.
  • I byggetrinn 2 vil sengepostar, poliklinikkar og dagkirurgi som i dag er i etablert i midtblokka få nytt areal. I nord-alternativet må det kuttast i funksjonar tilsvarande 200 millionar kroner, dette vil vere om lag ein etasje i forhold til dei skissene som er presentert.

I vest-alternativet vil det vere mogleg å flytte funksjonar frå midtblokka til nytt bygg. I tillegg er det plan om eit nytt klinisk senter for onkologi og infeksjonseining i nybygget. Dette gjeld ikkje for nord-alternativet.

Psykisk helsevern

Nord-alternativet vil krevje at ein startar ombyggingar ved Haugaland DPS for å få flytte ut funksjonar knytt til psykisk helsevern. Løysinga vil krevje ein omfattande rokade som omfattar største delen av psykisk helsevern som er lokalisert ved Haugesund sjukehus og Haugaland DPS i dag. Dette vil medføre ei forsinka løysning for somatiske funksjonar som det hastar å få ei betre bygningsmessig løysing for. I vest-alternativet vil det ikkje vere trong for å flytte ut funksjonar eksternt.

1,8 milliardar i første trinn

Den økonomiske ramma for første byggetrinn er på 1,8 milliardar. Det er utarbeidd ei usikkerheitsanalyse og ein risiko- og sårbarhetsanalyse for både vest og nord-alternativet. Den samla økonomiske bæreevna syner at nord-alternativet ikkje kan gjennomførast innan vedtekne kostnadsramme. Utrekninga viser at alternativet vil koste om lag 200 millionar kroner meir enn økonomisk ramme. Dersom nord-alternativet blir vald må skissene reduserast med tilsvarande areal. Det vil heller ikkje vere mogleg å bygge om i samband med byggetrinn 2 i nord-alternativet.

Vestalternativet gir ei betre økonomisk bærekraft og større handlingsrom for ombygging, i tillegg vil det gi nærare 3000 kvadratmeter meir sjukehusareal enn nord-alternativet. Når det gjeld parkering er det knytt usikkerhet til løysing og kostnad for å erstatte dagens p-hus ved val av nord-alternativet. I vest-alternativet vil dagens p-hus mot nord bli ståande.

Tomt og logistikk

Vest-alternativet utnyttar tilgjengeleg tomteareal mot syd betre enn nord-alternativet. I vest-alternativeter er det moglegheit for eit seinare byggetrinn mot nord, noko det ikkje er i nord-alternativet. Det er i begge alternativa eit framtidig utvidingsområde mot aust der kor mellom anna akuttmottak, laboratorie og deler av intern service er lokalisert i dag.

Vest-alternativet gir betre intern logistikkløysning og trafikkareal mellom nytt og gamalt bygg for både publikum og intern pasientbehandling. I nord-alternativet vil det vere utfordringar knytt til logistikkløysinga.