BRILJERTE: Martin Samuelsen imponerte landslagssjefen med sine dribleferdigheter.
BRILJERTE: Martin Samuelsen imponerte landslagssjefen med sine dribleferdigheter.

Samuelsen til League One?

Eit utlån er nært føreståande for West Ham-spelaren.

FOTBALL: TV Haugaland har fått opplyst av sikre kjelder at Martin Samuelsen skal vere på veg til ein League One-klubb, som er det tredje øvste nivået i engelsk ligasystem, på utlån.

Det var etter seiande årsaka til at han ikkje var med i U21-troppen som vann 3-2 over Derby måndag kveld.

Om ryktene er Samuelsen sjølv ordknapp, og begrensar det heile til at han «kanskje skal på utlån».

– Eg kan ikkje sei noko om kva klubb. Ikkje kva nivå det er på heller, seier Samuelsen til TV Haugaland.

Årsaka er truleg at han har behov for meir speletid, då førstelaget ikkje kan tilby han det enno.

– Me får sjå kva som skjer, held han fram.