FOTBALL: Haugesundaren skaffa to straffar – og tok det eine sjølv og scora – då West Ham U21 knuste Wolverhampton unggutar 4-0 måndag kveld.
– I den første straffesituasjonen tek eg eit touch etter innlegg og blir felt, seier Samuelsen til TV Haugaland.
– I den andre situasjonen gjekk eg på eit raid frå eigen banehalvdel, tok ei skuddfinte, vendte om og blei felt. Straffen satte eg hardt i midten, held han fram.
Samuelsens a-lagskollega, Enner Valencia, og U21-spelar Emmanuel Onariase scora henholdsvis 1-0 og 2-0 for West Ham.
Den første straffa, som Elliot Lee tok, vart redda, men Marcus Browne pirka inn returen.
Dermed står Samuelsen, som sat på benken då West Ham vitja Anfield i august, med tre mål for tre teljande mål for West Hams akademilag. Han scora òg i debuten sin i ein venskapskamp mot Peterborough.
– Dersom eg fortset slik, gjer det bra på treningane, visar meg fram og held fram med å score for U21-laget, så kjem nok sjansen på a-laget, fortel Samuelsen.
West Hams U21-lag har berre vunne éin av dei første sju kampane denne sesongen. Det synes ikkje Samuelsen reflekterar lagets prestasjonar.
– Me har spelt bra i alle kampane, men har slitt med å scora og slept inn for mange. I dag satte me sjangsane og var veldig gode i bakre ledd, held han fram.
Med i kampen for U21-laget var a-lagsspelarane Enner Valencia og Pedro Obiang.
Tysdag kveld er Samuelsen på Boleyn Ground for å ta lagbilete med West Hams a-lag.