Fylkesordfører Janne Johnsen og administrerande direktør i Risa AS, Trond Viding Tvedt, signerte kontrakten hjå fylkeskommunen onsdag.
Fylkesordfører Janne Johnsen og administrerande direktør i Risa AS, Trond Viding Tvedt, signerte kontrakten hjå fylkeskommunen onsdag.

Risa AS skal bygge Kvala-Fagerheim

Risa AS fikk kontrakten på strekningen Fv 47 Kvala-Fagerheim. Onsdag signerte fylkesordførar Janne Johnsen kontrakten med Risa AS. Den er verdt 180 millionar kroner

HAUGALANDSPAKKEN: – Dette er kjekt. Å skrive under kontraktar viser at det er stor byggeaktivitet i fylket, sier avtroppande fylkesordførar Janne Johnsen (H) I en pressemelding. Johnsen og administrerande direktør i Risa AS, Trond Viding Tvedt, signerte kontrakten hjå fylkeskommunen onsdag. Om kort tid er entreprenøren i gang med arbeidet i nordre del av Haugesund.

Fem entreprenørar leverte tilbod. Risa AS var nokre millionar billegare enn nummer to.

– No ser vi fram til å gå i gang med arbeidet i lag med Risa AS, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Arild Kalleland Vallestad. Planen er at Janne Johnsen tar første spadetak måndag 12. oktober.

Tunnel og bruer

Kvala-Fagerheim i nordre del av Haugesund er ein del av Haugalandspakken. Prosjektet inneheld 1300 meter firefeltsveg, ein 140 meter lang miljøtunnel gjennom Storhaug og to bruer. Kvala bru er 80 meter, Dubberselva bru er 40 meter.

Entreprenøren skal også fjerna fem-seks farlege avkøyringar, desse blir samla i to rundkøyringar. I tillegg kjem gang- og sykkelveg, støyvollar og støyskjermar, pluss ein undergang ved Fagerheim.

Alt skal vere ferdig i løpet av 2017. Statens vegvesen bygger på vegne av Rogaland fylkeskommune.