Siste:

Deltek i verdas største vitskapsopera

Ifølge HSH si nettside, har Vitskapsoperaen sitt utspring i HSH-forskar Oded Ben-Horin sitt forskings- og utviklingsprosjekt Skylight. Det har gått frå vera eit lite prosjekt i Norge til å breia seg ut i heile verda. Prosjektet sine aktivitetar i nokre få land er støtta med pengar frå EU og Norges Forskingsråd, medan dei aller fleste landa er med som frivillige. Enkelt sagt handlar dette om å auka læringa i naturfag ved å bruka kreative metodar som til dømes dans, musikk, og drama i undervisinga. Det gjer ein ved å bruka opera som metode, samstundes som ein satsar på IKT-kompetanse.

I sommar blei ungdommane på Stord og Spinae Company kopla på prosjektet. Dei representerer Noreg og om ei veke koplar dei seg saman på nettet med sine bitar i produksjonen. Det blir live-oppsetjingar og video-opptak. Norge, Danmark, Brasil, Storbritannia, Portugal, USA og Australia kjem til å opptre med deira del av operaen live. Kina, Nederland, Chile, Italia, Etiopia, Iran, Príncipe (den minste av dei to store øyene i staten São Tomé ved vestkysten av Afrika), Spania, Zambia, Serbia, Israel og India har spelt inn sin del på video. Den 3. oktober er det duka for premieren, og du kan sjå heile operaen via HSH si nettside.

Planen er at operaen skal bli framført i sin heilskap ved den internasjonale Global Hands on Universe-konferansen på Stord i august 2016. (HSH.no)