FKH: FK Haugesund 2 vann den svært viktige bortekampen mot Riska 5-2 måndag ettermiddag. Tre av måla sto åkrabuen Myklebust for. FKH 2 beheld dermed andreplassen i 3. divisjon, avdeling 6, med berre eitt poeng opp til serieleiar Stord.
Han har no scora fire hat-trick for 2-ar-laget sidan 24. august, men ungguten har enno til gode å starta ein FKH-kamp. Han fekk dog eit innhopp mot Start i slutten av august.
– Ja, ting går min veg for tida, seier Myklebust til TV Haugaland.
Har du fått signal om ytterlegare a-lagsspel?
– Nei, eg har ikkje høyrd noko.
Ei løysing kan fort vere å bli utlånt til eit – til dømes – OBOS-liga-lag neste sesong. Men før det vert aktuelt, vil han kjempa for ein plass i a-lagsstallen.
– Først vil eg prøve å skaffa meg kontrakt og koma meg inn i a-stallen, så får me sjå korleis ting blir under Mark Dempsey, seier han.
Myklebust er open for utlån.
– Men dersom det er det beste for meg, så skal du ikkje sjå vekk frå eit utlån, seier han.