helse fonna psykiatrisk klinikk

Har fullt fokus på vald og truslar

– Dette er eit viktig område å ha fokus på, seier styreleder Kjell Arvid Svendsen i Helse Fonna. Fredag gikk styret gjennom en omfattande rapport om vald og truslar frå pasientar overfor sjukehusenes medarbeidarar.
I første halvår 2015 er det registrert 51 hendingar av truslar og vald mot medarbeidarar i helseføretaket. Illustrasjonsfoto: Paul André Sommerfeldt.

– Dette er eit viktig område å ha fokus på, seier styreleder Kjell Arvid Svendsen i Helse Fonna. Fredag gikk styret gjennom en omfattande rapport om vald og truslar frå pasientar overfor sjukehusenes medarbeidarar.

Av: Terje Emil Johannessen

ARBEIDSMILJØ: I første halvår 2015 er det registrert 51 hendingar av truslar og vald mot medarbeidarar i helseføretaket. Det er oftast helsepersonell innan psykisk helsevern som opplever vald og truslar i det daglege arbeidet.
Styreleiar Svendsen påpeikar etter styremøtet at det blir arbeida kontinuerleg med tiltak for å redusere talet på vald og truslar. Styreleiaren meiner det er viktig å vere open om utfordringa. Hovudtyngda av hendingane skjer innan psykisk helsevern. Vald og truslar er ofte er knytt opp til sjølve sjukdomsbilete hos alvorleg sjuke pasientar.

I ei melding som styret sendte ut etter møtet, viser det til at Helse Fonna har hatt eit sterkt og gjennomgåande fokus på dette temaet. Mellom anna melder den enkelte medarbeidar fleire avvik og meldekulturen er betra. Det er vidare sett i verk mange og ulike tiltak for å redusere talet på vald og truslar, samstundes som føretaket har god oppfølging av den som blir utsett for dette. Det er arbeida for betre kompetanse innan området og det er årleg nytta investeringsmidlar for ombygging som i auka grad kan trygge medarbeidarane. Konkrete tiltak som alarmsystem for å tilkalle hjelp og skallsikring blir nytta ved behov.

Les også: Slått, sparket og bitt på jobb