Det var grunna mørket at dei fire personane med tyrkisk statsborgarskap ikkje fann vegen ned frå Trolltunga seint tysdag kveld.
Redningshelikoptertenesta Sea King henta dei fire personane – uskadd – og frakta dei ned til utgangspunktet for turen i Ringedal.