jos og mark

Grindhaug: – Dempsey blir eit steg opp frå meg

Jostein Grindhaug i sedvanleg godt humør i TV Haugaland si direktesending.

Det vart tysdag kjent at Jostein Grindhaug gir seg som hovudtrenar etter sesongen og trer inn i ei rolle som innebér scouting og spelarlogistikk. Samstundes vart det kjent at Mark Dempsey tek over som hovudtrenar.

– For min eigen del har det vore ein lang prosess. Eg byrja å kjenne på det for to-tre år sidan, seier han.

– Då eg kom inn i det siste året av kontrakten var det naturleg at eg tok ein runde. Sju år var nok i denne omgang, fortel han vidare.

– Aldri utbrent

Grindhaug fortel at det er timinga som veg tyngst. Han vil ha nye impulsar.

– Eg har aldri vore utbrent, det er mange faktorar som speler inn. Det er klart det er energikrevjande. Ein må ha fulle batteri, og fotballen me speler er krevjande.

Skryt av Dempsey

– Dempsey er eit steg opp frå det dei har hatt dei siste åra, seier Grindhaug med eit smil om munnviken.

Dempsey har sidan ankomsten i vinter hatt stor innflytelse på FKH-treningane, og er ein aktiv mann på treningsfeltet.

– Han har god erfaring, er god på feltet. Eg trur han kan bringa verdiane til Haugesund vidare, seier Grindhaug.

– Han er eit steg opp frå det dei har hatt dei sju siste åra, ler Grindhaug.

Mark Dempsey er henrykt over å få jobben som hovudtrenar i eit tippeligalag. Han skal bli i klubben i dei neste tre åra.

– Når eg treng Jostein, så er det inga problem å gå til han. Han kjem òg til meg dersom det er noko eg kan bidra med.

– Det er ei fantastisk kjensle. Dette er ein nydelig fotballklubb med flotte folk.

Dempsey seier at det ikkje var eit alternativ å sei nei til den nye jobben, og fortel at Haugesund er ein ekte fotballby.

God løysing ifølge styreleiar

Styreleiar Leiv Helge Kaldheim er svært nøgd med den nye FKH-kabalen.

– Dette er ei god løysing, seier Kaldheim. Fotballaglade haugalendingar har mykje å sjå fram til, seier han avlutningsvis.

Han seier at Dempsey passar godt inn i FKH, og legg vekt på at han er ein strålande person.

– Då Jostein kom til denne konklusjonen, var me utruleg glade for at me får Mark med vidare. Me har lærd å kjenna han som ein skikkeleg person og ein hedersmann.

Kaldheim trur Mark kan løfta laget.

– Me trur han vil løfta laget.

– Det har vore andre trenarar inne i biletet, men Mark Dempsey var vårt førsteval, med tanke på å oppretthalde kontinuiteten som he har påbyrja.