150921 FKH 2

– Spranget til andredivisjon er stort

Og FKH 2-trenar Espen Bull-Tornøe understrekar at dei ikkje prioriterer opprykk noko meir no enn tidlegare i sesongen.

Stord gjekk på eit overraskande tap borte mot Kopervik i helga, og FKH 2 får med det endo meir håp om eit opprykk til andredivisjon. Men for at dei skal henga med i kampen, er dei nødt til å slå Staal Jørpeland på Haugebanen måndag kveld.

– Me har eit godt lag som skal ut og måla krefter mot Staal. Ein kamp me bør vinna dersom me skal vera med i toppen, seier Bull-Tornøe til TV Haugaland.

FKH 2 har ei rekkje A-lagsspelarar med i troppen mot Staal. Blant dei er Eirik Mæland, som er tilbake etter eit langt skadeavbrekk.

– Mæland kjem inn mot slutten og skal testa kroppen, seier han vidare.