Foto: Facebook/privat
Foto: Facebook/privat

Shanty-frontmann blir direktør i Statsraad Lehmkuhl

Styret i Statsraad Lehmkuhl har tilsett Haakon Steinar Vatle som ny dagleg leiar med tittelen direktør i Stiftelsen.

Mest kjend er stordingen som frontmann og vokalist i Storm Weather Shanty Choir, men Vatle har òg bemerka seg som ein dyktig arrangør, og har tidlegare vore sjef for Tall Ships Races-arrangementa på Vestlandet.

Vatle har òg opparbeida seg kunnskap om drift av seglskip og har inngåande kjennskap til seglskilmiljøet både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, bl.a. frå eiga fartstid om bord på Statsraad Lehmkuhl og som sjef for Tall Ships Races i 2008, 2014 og 2011.

– Me er sikre på at Haakon Steinar Vatle har den rette samansetjinga av kunnskap, erfaring, nettverk og ikkje minst engasjement, for å møta dei utfordringane Statsraad Lehmkuhl har – for å følgja opp sitt samfunnsopdrag og oppnå ei bærekraftig drift og finansiering, seier fungerande dagleg leiar Helge S. Dyrnes og styreleiar Bernt Jacob Pettersen i ei pressemelding.

Per i dag er Vatle tilsett som prosjektleiar for Hansadagane 2016 i Bergen.

Pressefoto av Statsraad Lehmkuhl.

Pressefoto av Statsraad Lehmkuhl.