croppa

Haugesundar skal stilla ut vinglas i London

Ingrid Aspen frå Haugesund reiser til London for å stilla ut vinglas og vinkaraffel komande helg.

Mellom 24. og 27. september skal Aspen, Andreas Bergsaker frå Stavanger og møbelprodusenten Slåke frå Hjelmeland visa seg fram foran eit internasjonalt publikum i utstillinga 100% Norway i aust-London.

Aspen frå Hugesund skal stilla ut ein leken serie med glastøy: «Bottoms Up». Serien består av stablevennlege vinglas som ein kan snu dersom ein berre vil ha litt vin, samt ein vinkaraffel som er inspirert av vinflasker.

Utstillinga vert arrangert av Utenriksdepartementet, den norske ambassaden i London og Norsk design- og rkitektursenter (DOGA). Utstillinga er ein del av den internasjonale, anarkjente London Design Festival.