Screen Shot 2015-09-18 at 19.32.02

Gullguten frå Åkra

Møt FKH-spissen, som ifølge lagkamerat, Per Kristian Bråtveit, kan kallast «solariumskongen».

– Det går greit, eg har ein lang veg å gå, men per dags dato går det fint, seier Erling Flotve Myklebust som har sju mål på dei tre siste kampane for FKH 2.

Det er viktig for sjølvtilliten til åkrabuen, skal me tru han sjølv.

I slutten av august fekk han a-lagsdebuten sin for FKH då dei vant 3-1 borte mot Start.

– Det var deilig å få den. Då fekk eg svart dei som var litt kritiske. Det var jo ein bonus, for det er ikkje tvil om at det var delte meiningar om overgangen min til FKH (frå Åkra like før sesongstart, journ.anm.).

Men Myklebust gjer det ikkje berre stort på bana. Ifølge Per Kristian «PK» Bråtveit, ligg han to timar i solarium dagleg. Det må sjølvsagt takast med ei klype salt, men kva har Myklebust å seie til det?

– Eg ligg hvertfall ikkje to timar dagleg i solarium! Det kan eg stadfesta, seier han.

Men innrømmer at han bruker lang tid i garderoben etter trening.

Er du ein forfengeleg mann?

– Ja, det er eg.