Arne-Christian Mohn er ferdig som fylkesleder i Arbeidertpartiet i Rogaland. Foto: Rogaland Ap
Arne-Christian Mohn er ferdig som fylkesleder i Arbeidertpartiet i Rogaland. Foto: Rogaland Ap

Med eller utan Frp?

Det er det store spørsmålet til Arne-Christian Mohn.

Etter eit strålande kommuneval har Arne-Christian Mohn frå Haugesund Arbeiderparti vore i sonderingsmøter med dei resterande partia for å finne ei samarbaeidsløysing dei fire neste åra i Haugesund kommune.

Han har lenge vore klar på at han ynskjer ein brei koalisjon. Spørsmålet er om han vil ha med Framstegspartiet – eller ikkje.

– Det er innhaldet i den politiske plattformen som vert diskutert. Til no handlar det om måten me skal forholda oss til kvarandre, og ikkje minst om vår openheit framover. Me har opplevd ein mangel på det tidlegare, seier Mohn til TV Haugaland.

Stor einigheit

Kva er de ueinige i?

– Det som gjer forhandlingane vanskelege er faktisk at alle er einige. Alle partia ser at økonomien er så vanskeleg at det er økonomien som må betemme, seier han vidare.

– Alle forslag som kjem på bordet går på korleis me skal spare pengar og redusere utgifter. Da går det entan på om me skal investere i tiltak – i mindre drift og det kan vere miljøtiltak, utdjupar Mohn.

Eit døme som på slike tiltak er å auke grunnbemanninga utan at det blir fleire tilsetje.

Dei vart ikkje einige tysdag, og valde å byrja på nytt onsdag klokka 15. Men det ser ut til at det skal ta lengre tid før dei kjem til einigheit.

Tek seg tid

Mohn tek det med ro, og har ingen nøyaktige planar for framtidige forhandlingar.

– Me har ikkje detaljar på vidare plan, seier han.

– Ei løysing vil me koma fram te tidlegast måndag neste veke. Eg tek fri i helga.

Jobbar vidare torsdag

– Men det me gjer i morgon ettermiddag er å jobba vidare for å finna ut om me kan koma i mål med den éine løysinga.

Men Mohn ynskjer ein reserveplan.

– Me parkerar ikkje for godt den andre løysinga, seier han avslutningsvis.