TVH arkiv.
TVH arkiv.

Nordtveit frå start i Champions League

Tapte 0-3 borte mot Sevilla.

Vats-guten har ikkje fått mykje speletid for den tyske Bundesliga-klubben Borussia Mönchengladbach innledningsvis i 2015/2016-sesongen.

Men i første kamp i gruppe D mot Sevilla fekk Nordtveit tillit frå start mot den spanske La Liga-klubben Sevilla.

Det endte med eit kraftig nederlag for tyskarane. Etter ein mållaus førsteomgang, fekk spanjolane tre straffespark i andreomgang. Først scora Kevin Garmeiro på eitt, bomma på neste, før Ever Banega satte 2-0 frå krittmerket. Yevhen Konoplyanka punlterte det heile med 3-0 like før slutt.

Mönchengladbach havna i daudens gruppe, og må konkurrera mot Manchester City, Juventus og Sevilla.

Elles i gruppa vant Juventus 2-1 borte mot Manchester City, og Nordtveit ligg då på sisteplass i grupp med -3 i målskilnad, med same poengsum som Manchester City, som har -1 i målskilnad.

Mot Sevilla tysdag kveld starta rogalendingen i ein sentral midtbaneposisjon, men har tidlegare vert nytta som stoppar både på klubb- og landslag.

Nordtveit fekk speletid dei 15 siste minuttane av EM-kvalfiseringskampen mot Bulgaria 3. september, og kom innpå i overtid i 1-0-sigeren over Kroatia tre dagar seinare.

Neste kamp for Nordtveit blir borte mot Schalke 04 i ligaen laurdag ettermiddag.