Då Morten Urrang jobba som feltingeniør offshore beit han seg merke i eit par problematiske ting ved den vanlege ROV-en.
Då kom innovatøren i han ut.
Ei stund seinare etablerte han firmaet Norhull og satte i gang utviklinga av ein Crawler Remote Operated Vehicle. No fekk han vist fram det snart ferdige produktet på oljemessa i Aberdeen.
– Det er ein farkost for inspisering på skrog, som i motsetnad til ROV-en kryp rundt på skrogen.
Med seg på laget fekk han BR Industrier, som no går under navnet BRI Offshore.
Det var på Offshore Europe-messa i Aberdeen Urrang presenterte produktet.
– Den vart veldig godt imotteken med mykje nysgjerrigheit, fortel han vidare.
– Der var det bra trykk, folk gir det framleis eit håp, sjølv i dårlege tider. Me lanserte vårt produkt der, som går mot slutten av utviklinga.