Harry Herstad og Stord Arbeiderparti har gjort et godt valg og Herstad står sterkt i forhold til ordførervervet.
Harry Herstad og Stord Arbeiderparti har gjort et godt valg og Herstad står sterkt i forhold til ordførervervet.

Han blir truleg Stords neste ordførar

Arbeiderpartiet, anført av Harry Herstad, gjorde eit brakval måndag. No ser han ut til å bli ny ordførar på sumarøya.

– Eg likar ikkje å kome med prosentar, men ei god kjensle, seier Herstad til TV Haugaland når dei spør om sannsynet for at han tek over ordførarkjedet.

Stord Høyre er tilbake på 2007-nivå oppslutnadsmessig, medan dei raudgrøne går kraftig oppover.

Det set Herstad pris på, som ynskjer å danna ein koalisjon med Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristleg Folkeparti.

– Eg ynskjer å danna ein koalisjon med SV, som har ein god mann i Nils Magne Blålid, så ynskjer eg å henta tilbake dei som var i koalisjon med AP før 2007-valet, som er SP og KRF, seier han.

Herstad er glad i samarbeid, og er difor glad for at dei kan få ein brei koalisjon med over 18 mandat.

– I denne kommunen driv me heldigvis etter formannskapsprinsipp, men av og til er politikarane freista av å opptre som om me var i eit regjeringssamarbeid og kasta og kritisera kvarandre.