Foto: Instagram
Foto: Instagram

Stefanie frå Haugesund kan bli cover-jente

Den 25 år gamle jenta er éin av seks finalistar i Shape Up-jenta 2015.

«Ho skal vera eit inspirerande førebilete, utstråla treningsglede og spre det glade bodskap om ein sunn og frisk heilårskropp i tråd med ShapeUps verdiar» heiter det i Klikk.nos artikkel om konkurransen.

Over 500 kvinner mellom 18-30 år meldte seg på i treningsbladets konkurranse. Vinnaren får mellom anna treningsklede til ein verdi av 30.000 og æra av å vere cover-jente i bladetes oktoberutgåve.

Stefanie Scholz Øfelte (25) frå Haugesund er éin av seks finalistar som står igjen. Det er òg Karoline Aspaas Kvinensland (25) frå Karmøy.

Kjente seg igjen i kriteriane

– Eg meldte meg på berre for å melda meg på. Eg hadde ingen forhåpningar om å koma så langt, seier Scholz Øfelt til TV Haugaland.

– Eg hadde ikkje høyrd om konkurransen sjølv. Det var nokre venninner av meg som oppmoda meg til å melda meg på. Så las eg litt om det og det høyrdes kjekt ut. Eg er veldig glad i trening og driv veldig mykje med det, og eg følte eg kjente meg igjen i det dei leita etter, seier ho vidare.

Stefanie Scholz Øfelt. Foto: Instagram

Stefanie Scholz Øfelt. Foto: Instagram

Trenar av og til to gongar til dagen

Det blir naturlegvis mykje trening på haugesundjenta som har vore særdeles oppteken av trening og kosthold heilt sidan ho var 14 år.

– Eg trener av og til to gongar til dagen, til dømes ein joggetur om morgonen og så styrke på kvelden, seier ho.

Då kan det med andre ord koma godt med å vinna treningsklede til 30.000 kroner…

Coverbabe?

Scholz Øfelt jobbar på Klinikk Haugesund og som instruktør på treningssenteret Actic. Ho hadde nok ikkje for nokre månadar sidan sett for seg sjølv på framsida av eit magasin.

– Eg hadde ikkje trudd eg skulle koma vidare, men det å bli coverjenta kan jo gøy, seier ho, og legg til:

– Eg trur det kan bli kjekt.

– Mykje overvekt i dag

Som instruktør på treningssenter og veldig oppteken av ernæring, kosthold og det å ta vare på kroppen sin, har ho lagt merke til dårlege vanar hos det norske folk.

– Det er ingen tvil om at det er mykje overvekt rundt omkrig, og det blir berre meir og meir, seier ho.

Samstundes legg ho vekt på at det òg er eit stort fokus på å halde seg i form i dagens samfunn.

– Men det er òg eit stort fokus på å vere trent. Eg føler det veldig ofte er entan eller, seier ho.

Og alt med måte.

– Det er jo ikkje alltid bra å vere for opptatt av kosthold og ernæring heller.