Haugesund-jenta Janne Kongshavn Nordvik, saman med makkar Victoria Faye Kjølberg, gjekk heile vegen til topps i den nord-europeiske soneturneringa i hovudstaden.
Kongshavn og Kjølberg var turneringas to desidert beste kvinner og vann alle kampane 2-0. Med andre ord tapte dei ikkje eitt einaste sett.
– Deilig å slå rivalen
I finalen slo dei NM-vinnarane i 2012 og 2013, Cinny Treland og Janne Pedersen.
– Det er ekstra deilig, dei har jo vore rivalar for oss, så det er deilig å visa at me framleis er best. I og med at me vant gullet i fjor, har me hatt presset på oss i år, seier Kongshavn til TV Haugaland.
No er med andre ord ting snudd på hovudet: Kongshavn og Kjølberg vann NM i 2014, og slår Treland og Pedersen i NEVZA-turneringa. Haugesundaren vann òg NM førre helg, men då med ein annan partner – Hanne Haugen Aas.
– No har det snudd, og det er bra, seier ho.
– Nevza heng gangske høgt oppe. Ein får viktige poeng av å vinna – 140 poeng, til samanlikning får ein 80 poeng for å vinna GroundSlam, seier Kongshavn.
Pause frå Victoria
Førre helg då Kongshavn vann NM, spelte ho som sagt med ein annan makker. Det trur oslobuen var sunt for begge to.
– Førre helg spelte eg jo med ein annan partner. Eg trur det var litt sunt utan Victoria, for å få ein timeout. Spelet saman satt bra i helga, fortel ho.
Har du nokon gong følt deg betre enn no?
– No er det veldig bra, ein deilig opptur. Veldig kjekt at eg har fått det til på dei siste turneringane.
OL-kvalik denne veka
På onsdag går turen vidare til OL i Rio de Janeiro 2016-kvalifiseringskampar i Israel. Der møter dei sterke nasjonar i Poland, Israel og Slovakia. Dei er nødt til å koma på første- eller andreplass for å kvalifisera seg til OL.
Den polske duen Kolosinska/Brzostek tok nemlig bronse i Ground Slam nyleg.
– Då er det kniven på strupen. Diverre har me havna i ei innmari vanskeleg pulje.
Har du trua på OL-kvalifisering?
– Det må bli betre enn det det er no. Me må ta ein skalp eller to for å klara det.
Kampane blir spelt 11. og 12. september.