Vindafjord kommune. Foto: Google Street View
Vindafjord kommune. Foto: Google Street View

Her trivst 91 av 100 grunnskuleelvar

Vindafjord scorar godt på trives-i-skulen-undersøking.

Ifølgje artikkelserien «Forskjells-Norge» til Dagbladet, som er basert på tal frå Folkehelseinstituttet, trivst 91 prosent av grunnskuleelvane i Vindafjord på skulen.

– Det er kjempebra, og det seier litt om Vindafjord-skulen. Me har gode miljø her, seier rektor ved Vats skule, Grethe Halvorsen til TV Haugaland.

– Å ha det bra på skulen i ung alder er nesten det viktigaste. Om ein ikkje trivst og har det trygt og godt så vil ikkje læringa vere så stor heller, ein blir oppteken av at ein ikkje har det bra, seier ho vidare.

Trivselsleiarane

På Vats skule har dei ulike tiltak for å byggja gode miljø og skapa trivsel på skulen. Det eine er «Trivselsleiarane», som går ut på elevar frå fjerde- til sjuandeklasse gjer ulike aktivitetar med kvarandre. Trivselsleiarane får opplæring på leike- og aktivitetskurs i regi av Trivselsprogrammet.

– Det er bra og veldig populært. Det er spesielt kjekt for dei yngre når dei eldre er med på aktivitetane, seier ho.

Rektor ved Vats skule, Grethe Halvorsen. Foto: Facebook/privat

Rektor ved Vats skule, Grethe Halvorsen. Foto: Facebook/privat

Dabladet har i saka si to statistikkar, éin basert på trivsel, og éin basert på kor mange som opplev mobbing.

Lite mobbing

I Vindafjord er det berre 4,3 prosent som opplev mobbing i 2015. Det er ein nedgang frå 6 prosent i 2014.

– Me har eit program kalla «Det er mitt val». Det går ut på at klassane lærer om å ta val, lærer om vennskap, om korleis ein skal oppføra seg mot kvarandre og slikt. Det går veldig mykje på relasjonar.

– I sjuandeklasse går det meir på press, og val i venegjengen. I småklassane handlar det meir om korleis ein skal vere mot kvarandre, seier Halvorsen.

– Elevar og føresette må gi beskjed

Frå din ståstad, opplev du at det er noko særleg til mobbing på Vats skule?

– Det hender jo at det kjem opp sakar, og då må ta tak i det og skrive på logg enkeltsakane, og det gjer me ganske kjapt.

– Me har jo funne ut at det er best å ta tak med ein gong. Me forsøker å vera tidleg ute og observante. Og så er me avhengig av at andre elevar og føresette gir beskjed, og det dei flinke til, seier ho avslutningsvis.