TV Haugaland skreiv tidleg søndag morgon om personen som døydde etter å ha falt ned frå Trolltunga laurdag kveld.
Søndag ettermiddag kjem beskjeden frå Hordaland politi at vedkommande var ein kvinneleg student i 20-åra som bur i Bergen, og kom frå eit land utanfor Europa.
BAKGRUNN: Døydde etter å ha falt ned Trolltunga
Ho var med i eit turfølgje på om lag 30 personar, og ho falt ned like ved sjølve utspringet ved stupet.
Operasjonsleiar Frode Kolltveit seier til NTB at det det heile ser ut til å vere eit uhell.
– I utgangspunktet er det ingenting som tilseier at det har skjedd noko straffbart, seier Kolltveit til NTB.
– Dette ser ikkje ut som noko anna enn ei tragisk hending.