Foto: Facebook.
Foto: Facebook.

Vil arrangera konsert til inntekt for flyktningar

Atle Hansen med eit flott iniativ.

STORD: – Eg har lyst til å laga til ein konsert til inntekt for flyktningar, gjerne dei einslege unge som kjem til Stord framover, skriv forfattaren og Sunnhordland-journalisten Atle Hansen på Facebook fredag ettermiddag.

Og responsen har ikkje latt venta på seg. På 21 timar har over 100 personar delt statusen, og fleire titals personar har allereie meldt interesse om å vera med og bidra.

Tidlegare denne veka vart det kjent at det blir oppretta eit nytt asylmottak på Stord som skal ta imot 40 unge flyktningar mellom 15-18 år.

– Dette er noko som berører alle, det er ein stor katastrofe som skjer. Men eg synes politikarane viser ettergiving, dei har ikkje stått opp og teke ansvar, seier Atle Hansen til TV Haugaland.

Forfattar, lyrikar og journalist Truls Horvei, som jobbar i Haugesunds Avis, meldte kjapt sin interesse og vil gjerne bidra med diktopplesning.

Trubadur Endre Olsen vil bidra, og Håkon Steinar Vatle, som har ein rik cv når det gjeld arrangering, seier seg òg villig. Det er dog usikkert om Storm Weather Shanty Choir-frontmannen vil bidra i form av logistikk eller som artist med eller utan band.

Det er fleire som har sagt ja. Unge rockeband, både amatørar og profesjonelle. Det er eit stort musikkmiljø på Stord. Eg ynskjer fleire forfattarar – det har vore billedkunstnarar som vil vera med. Eg har til og med fått henvendelsar frå barnehagearbeidarar som vil stella i stand framsyningar for unge. Eg har ikkje peiling på korleis dette kjem til å bli enno, seier Hansen.

Klokka 15 laurdag ettermiddag skal Hansen ha møte i Kulturhuset på Stord med folk som vil bidra, og forhåpentlegvis er det noko meir planlagt etter den tid.

– Dette vil ha både ein økonomisk hensikt og vil visa at flyktningane er velkomne, seier Hansen som vil ta imot dei 40 nye flyktningane med opne armar.

atlehansen

Skermdump Facebook.