Arkivfoto.
Arkivfoto.

Poengdeling for Vard

Utvisning på Andreas Ulland Andersen i førsteomgang gjorde det vanskelig for haugesundarane mot Eidsvold TF.

FOTBALL: Det var Roy Miljeteig som sendte Vard i leiinga etter ein drøy halvtime, og alt såg bra ut for Vard anført av Knut Erik Folland.

Vard var førehandsfavorittar mot Eidsvold TF, som for øyeblikket ligg sju posisjonar under Vard på tabellen.

Men berre seks minuttar etter 1-0-scoringa skjedde det avgjerande. Ulland Andersen laga straffe og fekk rødt kort like før pause, og heimelagets Martin Trøen utlikna til 1-1.

Fleire mål blei det heller ei, og Vard har ei svært tøff oppgåve foran seg dersom dei skal ha eit håp om opprykk til OBOS-ligaen.

Dei ligg no på tredjeplass, med Egersund og Ullensaker/Kisa på henholdsvis andre- og førsteplass med åtte og ni poeng foran.