150905 VB jarle utne-reitan

Overbevist om oppsving i olja

Utne-Reitan hadde laurdag føremiddag ein prat med Erna Solberg. Dei diskuterte næringslivet og utfordringane i regionen.

Ordførarkandidat i Haugesund, Jarle Utne-Reitan, hadde laurdag morgon eit kort møte med statsminister Erna Solberg på Amanda-hotellet ved Indre Kai.

– Det brukte eg på å fortelja om utfordringane me har i regionen. Me har ei arbeidsløyse på om lag 4,5 prosent, den har auka med 45 prosent det siste året. Det er grunna ein brems i oljenæringa, og me er avhengig av den, seier Utne-Reitan.

Utne-Reitan kallar oljekrisa ein «dipp», og legg vekt på at me er nødt til å finna fram dei kloke hovuda og tenka annleis.

Då TV Haugaland konfronterar han med at ordet «dipp» er kanskje er litt vagt i denne samanhengen, svarar han følgjande:

– Eg trur det kjem til å gå opp igjen. Eg er heilt sikker på at olja vil bli viktig for Noreg i mange år framover. Eg er sikker på at dette vil ta seg opp, men me er i motvind akkurat no.

Sjå video i vindauget over.