Foto: Jarle Vines
Foto: Jarle Vines

– Måltørken er ikkje noko eg tenkjer på

Alexander Søderlund på landslaget er eit mysterium. Null mål er fasiten etter 20 kampar spelt.

Noreg vann torsdag 1-0 i EM-kvalifiseringskampen mot Bulgaria torsdag kveld. Alexander Søderlund starta kampen, men måtte nok ein gong gå mållaus av bana for landslaget.

– Eg slit ikkje med noko ting eigentleg, det har berre vore slik til no… Men eg tek med meg det positive, at eg skapar sjansar, seier «Søder» til TV Haugaland.

Alexander Søderlund har passert 20 mål for Rosenborg i årets Tippeliga, og speler betre enn noko gong. Ein skulle tru at sjølvtilliten i RBK-garderoben er noko ein kan ta med seg på landslaget.

– Formen føles bra

– Ja, altså… Eg har ikkje skapt så mange sjansar som eg gjer i RBK, eg hadde ein sjanse i går eg burde ha putta på.

– Men dette er ikkje noko eg går rundt og tenker på, slår haugesundaren fast.

RBK-spissen nærmar seg for alvor 30-åra, men føler seg betre enn på lang, lang tid.

– Formen føles veldig bra, eg kjenner meg sterk og spring mykje. Det er betre enn på lenge, seier han.

Positiv foran Kroatia-kampen

Noreg har tre EM-kvalifiseringskampar igjen. Søndag møter dei Kroatia på Ullevaal. Dei to siste kampane, mot henholdsvis Malta og Italia, blir spelt 10.- og 13. oktober.

For øyeblikket ligg Noreg (12p) på tredjeplass, med Kroatia og Italia på første- og andreplass med lik poengsum (15p).

– Me er veldig positive inn mot Kroatia-kampen på søndag. Me har lyst til å vinna og går for tre poeng. Me må tetta inn bakover og scora på dei sjansane me skapar, seier Søderlund.

– Det blir jo mest sannsynleg ein play-off dersom me skal kvalifisera oss til EM. Den blir tøff, men me kan jo vera heldige òg, seier han avslutningsvis.