Tre førarkort beslaglagd

Ein førar køyrde i meir enn 30 km/t over fartsgrensa.

Det skriv Haugaland og Sunnhordland politidistrikt på Twitter torsdag ettermiddag.

Utrykningspolitiet hadde laserfartskontroll på Haukås i Sveo.

Heile 29 personar fekk forenkla førelegg, medan tre stykker vart anmeldt for høg fart og fekk førarkort beslaglagd.

Høgaste fart var 92 km/t i 60-sone.